- Vi kjem i alle fall ikkje til å foreta noko "amerikansk uttaking". Det ville vere dumt, seier Bjørnebye til NRK.
Han seier at dei neste dagane vil vise om spelarane som fekk småskadar i kampen i Italia, blir klare. I tillegg kan det bli nokre taktiske endringar.
- Men det viktigaste er at vi får kvile, og dessuten gå nøye gjennom det taktiske opplegget, seier Bjørnebye. Han legg til at med 22 mann i troppen er det mange gode spelarar tilgjengelege, og ingen kan kjenne seg trygge på å få spele.