Hopp til innhold

Tanisha vil spele fotball – men India har ingen liga

New Dehli (NRK): India tar sikte på å bli ei stormakt også i fotball. Derfor vart Indian Super League starta i fjor. Men for jentene finst det ingen landsomfattande liga. Berre planer.

India satser på fotball på grasrotnivå. Håpet er at det i fremtiden skal skal bli dannet landslag, både på herre og damesiden.

11 år gamle Tanisha Kumari frå ein av dei fattige bydelane i utkanten av hovudstaden New Delhi trenar fotball ein til to timar kvar einaste dag frå måndag til fredag.

– Eg trenar på pasningar både med utsida og innsida av foten, og på headingar, seier ho til NRK. – For eg vil bli ein god spelar, legg ho til.

Foreldra driv ein butikk på gatehjørnet, og opplever at fotballen har gjort dottera sterkare.

– Sjølvtilliten har blitt betre, kroppsspråket har endra seg. Også på skulen går det betre med henne no, seier ein stolt far.

12.000 på prøvespel

Tanisha er på prøvespel hos Delhi Dynamos – ein av åtte profesjonelle klubbar i den nystarta Indian Super League . Der blir 170 av over 1500 gute- og jentespelarar i New Delhi og over 12.000 i heile India vurderte.

Ligaen hadde sin første sesong i fjor, og eit sentralt mål med den er å hjelpe fotballen til å bli stor i landet med over 1,2 milliardar menneske – det nest mest folkerike landet i verda.

Derfor er kvar av klubbane pålagde å halde årlege «auditions» for gutar og jenter.

– Ikkje mange av dykk kjem til å bli tekne ut, seier den nederlandske spelarutviklaren Piet Hubers til dei håpefulle spelarane.

Stipend = trening og skulegang

Tanisha konkurrerer om eitt av 25 stipend. Det vil ikkje berre gi sjanse for trening fram til ho er 18 år, men også skulegang like lenge. Det skal gi eit godt grunnlag å halde fram på.

Men India har ingen stor liga for jenter og kvinner.

– Det bør vi ha. Jenter kan like mykje som gutar, er Tanisha si klare meining.

Det kan dei nok. For fotball er den nest mest utbreidde idretten i India, etter cricket. Over 50 millionar indarar såg tv-sendingane frå VM i Brasil i fjor, sjølv om dei fleste kampane gjekk midt på natta indisk tid.

Og om to år skal India arrangere U17-VM – det suverent største fotballarrangemntet nokonsinne i landet. Det skal brukast for det det er verdt til å marknadsføre fotballen i India.

Men det er for menn og gutar. Mange fryktar for at kvinnene og jentene ikkje får plass i desse planene.

Planer om nasjonal liga

Ein nasjonal liga kan også bli ein realitet, i alle fall ifølgje forbundets generalsekretær Kushal Das. Rett før jul i fjor lanserte han ein plan som skal ta India opp til topp åtte i Asia i løpet av 2017. Det inneber ein landsomfattande liga som skal starte opp allereie i år.

I tillegg skal India kvalifisere seg til Asia-meisterskapen både i U16 og U19 i 2017, og til Asia-meisterskapet i 2018. Då skal også India vere i topp 40 på FIFA-rankingen og topp 8 i Asia.

«Kvinnefotball har eit uutnytta potensial til å bringe laurbær til landet», heiter det i plandokumentet.

Og fotballen skal også hjelpe jenter og kvinner til auka respekt og utjamne sosiale ulikskapar. Det står også i dokumentet.

We are planning to have a structured Women’s League provided all stakeholders support us. In Women’s Football we have a lot of States which are much ahead than others, thus forcing lopsided results in many of the Nationals’ matches. In order to bring parity we can take a leaf out of ISL (Indian Super League) book by having a Player draft system where say eight franchises taking out the best 180 players.

Kushai Das, indisk fotballpresident / indiansportnews.com

– Men det vil koste mykje pengar, sa Das.

Liga med franchaise-modell

Tanken som vart lansert på den tre dagar lange workshopen i FIFA-regi i desember, går ut på at det skal etablerast ein kvinnefotball-liga etter same mønster som ISL. Det vi seie ein såkalla franchaise-modell der ligaen bestemmer kva klubbar som får vere med, og kvar i landet dei skal kome frå. I tillegg skal det bli eit drafting-system.

Men no er 2015 allereie nesten halvgått, og det er ingen synlege teikn på at ein landsomfattande liga er nær foreståande. Det meiner iallfall bloggaren Bhargab Sarmah i FeverPitch.in, gjengitt i Huffington Post i vår.

– Det finst ingen konkrete planer. Og organisering av ein liga krev pengar, sponsorar, tid og mykje arbeid av administrasjonen. Med fleire prosjekt for turneringar for menn og fleire konkurransar for barn og ungdom, er det neppe kapasitet i AIFF til å starte opp ein liga for kvinner, seier Sarmah.

Han peikar også på at fotballforbundet ikkje «gadd» å arrangere indisk meisterskap i 2012 og 2013.

– Og det er ikkje løyvd ein einaste rupi til ein liga, legg han til.

Plandokumentet Indian «Football on the Rise» er derimot fullt av optimistiske planer.

In a situation where the blind is leading the blind, women's football in the country is nowhere near to getting its own professional setup.

Bhargab Sarmah, bloggar / Huffington Post

Yuwa

Indisk fotball

«The Rockstars» frå Yuwa-skulen i delstaten Jharkhand trenar. På denne skulen får jentene både fotballtrening og utdanning. Dei kjem frå miljø der dei elles normalt ville bli nøydd til å gi opp utdanning for å bli gifta bort som 15- og 16-åringar

Foto: Rebecca Conway / Afp

Men situasjonen er ikkje beksvart. To klubbar frå I-ligaen har nyleg teke til å satse på kvinner. Pune FC har satsa pengar på oppbygging av eit eige kvinnelag. Og for nokre månader sidan starta Shillong-klubben Royal Wahingdoh eit ungdomsprosjekt for kvinner.

Og så har vi Yuwa . Dette er ein klubb der det sosiale arbeidet tel minst like mykje som den fotballmessige utviklinga.

Kvinnefotballklubben Yuwa vart skipa i 2009 og held til i Jharkand i Nordaust-India – ein av provinsane med størst fattigdom, lågast utdanningsgrad og mest lovløyse i heile det veldige landet. Det er Indias 13. mest folkerike provins med 33 millionar menneske.

Her får jentene sjeldan styre sitt eige liv og ta sine eigne val for framtida. Seks av ti jenter sluttar på skulen og blir bortgifte i 15-16-årsalderen. Ni av ti familiar i provinsen manglar toalett.

Klubben gir jentene både trening og utdanning. Lagkapteinen har ikkje berre ansvar for sitt lag ute på bana, men også på treninga og på skulen, og for at dei tek vare på helsa.

Størst i India

Når foreldra vil gifte bort jenta, tek trenaren initiativ til møte for å diskutere alternativ for jenta, som dermed får hjelp til å stake ut si eiga framtid.

Yuwa har truleg det største fotballprogrammet for jenter i heile India, med i alt 250 spelarar. 150 av dei trenar regelmessig, og over 600 har vore aktive klubbmedlemmer sidan starten for seks år sidan.

Dessutan er Yuwa fullstendig lokal. Klubben har derfor djupe røter i lokalmiljøet, og det er lokale personar – stort sett kvinner og jenter – som eig og styrer klubben.

Første besøk av kjempelykkeleg mor

Familien som eig klubben Delhi Dymanos seier at dei vil satse pengar på jentene og vil starte med grasrota. Dei meiner at fotballutviklinga i India også må omfatte kvinner.

– Det vil kome ein fotball-liga for kvinner, det er eg sikker på, seier Delhi-klubbeigar Vaibhav Manchanda.

Den dagen NRK er på besøk, er også den første dagen Tanishas mor kjem på besøk for å sjå dottera i aksjon på fotballbana, sjølv om bana berre ligg 200 meter heimanfrå.

Mor ser at Tanisha får ein fridom ho sjølv aldri har hatt.

– Eg er kjempelykkeleg over at mitt barn har nådd så langt, seier ho. – Kulturen her er veldig konservativ, det er vanskeleg å kome nokon veg.

Fotball

  • Moyes ferdig i West Ham etter sesongen

    West Ham bekrefter at David Moyes er ferdig som manager i klubben etter sesongen.

    I en pressemelding mandag kveld skriver Premier League-klubben at Moyes og klubben er enige om å avslutte samarbeidet etter fire og et halvt år.

    – Jeg har virkelig likt å jobbe med alle i West Ham, og vil takke styret for å gi meg sjansen til å lede denne fantastiske klubben, sier Moyes.

    I løpet av sin periode i London-klubben, ledet 61-åringen dem blant annet til seier i Serieligaen forrige sesong. Det var West Hams første store trofé siden de vant FA-cupen i 1980.

    – David har vært ansvarlig for en periode i vår historie med stor fremgang og suksess, og vi er ekstremt takknemlige for hans harde arbeid, engasjement og dedikasjon til rollen, sier styreleder David Sullivan.

    Med to kamper igjen av sesongen ligger West Ham på niendeplass i Premier League.

    Lørdag spiller de sesongens siste hjemmekamp mot Luton. Klubben skriver at Moyes vil få den hyllesten han fortjener fra supporterne ved at avskjeden allerede har blitt opplyst om.

    Samtidig som Moyes bekreftes ferdig i klubben, skriver både BBC og The Athletic at spanske Julen Lopetegui blir ny manager i West Ham.

    57-åringen skal være enig om betingelsene, men har så langt ikke signert papirene. Spanjolen har vært uten jobb siden han ble sparket i Wolverhampton i august i fjor. (NTB/NRK)

    David Moyes
    Foto: Maja Smiejkowska / Reuters
  • Brann med skarp advarsel til fansen

    Brann fraråder på det sterkeste supportere om å kjøpe billetter til 16. mai-kampen mot Sandefjord på svartebørsen. Klubben påpeker at dette er ulovlig.

    Branns hjemmekamp på fotballens festdag ble som alltid utsolgt på svært kort tid. Nå har bergensklubben registrert at mange både ønsker å selge og kjøpe til billetter til langt over markedspris.

    På egne nettsider advarer Brann mot å la seg lokke av dette.

    «Kort tid etter at det åpne salget av billetter til 16. mai-kampen mot Sandefjord startet var det utsolgt, og det er mange som prøver desperat å sikre seg billetter. Brann vet også at flere tilbyr seg å selge sin plass til en grov overpris», skriver klubben i en uttalelse.

    Svartebørs-salg omtales videre som uakseptabelt og et brudd på norsk lov.

    (NTB)

    Eliteserien 2023: Hamkam - Brann
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Svein Oddvar Moen gir seg som toppdommer

    Svein Oddvar Moen gir seg som toppdommer og blir ansvarlig for VAR i Norge. Det skriver Norges Fotballforbund i en pressemelding.

    Rollen som VAR-ansvarlig strekker seg ut året. Moen har dømt på toppnivå siden 2003.

    – Det er virkelig en spennende utfordring, og jeg gleder meg til å få være med på å utvikle VAR og norsk fotball. Jeg gir meg som dommer på banen litt tidligere enn jeg hadde tenkt, men det er en tid for alt, sier Moen i pressemeldingen.

    NM fotball cup 2023: Molde - Strømsgodset
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Van Dijk bekrefter: Blir en del av «nye» Liverpool

    To kamper i Premier League gjenstår før manager Jürgen Klopps ni år lange regjeringstid på Anfield er over.

    Virgil van Dijk har ett år igjen av kontrakten med klubben som må igjennom en betydelig forandring når tyskeren forsvinner ut av porten.

    Alt tyder på at van Dijks landsmann Arne Slot blir Klopps erstatter.

    – Fokuset er på de to siste kampene, og deretter må vi konsentrere oss om hvem som blir ny manager og hvordan den overgangen blir. Jeg blir en del av det, sa van Dijk etter søndagens 4-2-seier over Tottenham.

    Det er ikke kjent hvilke spillere som forsvinner og hvem som blir på Anfield, men van Dijk sier at det ikke er noen tvil for hans del.

    – Jeg trives her, og jeg elsker klubben, sier 32-åringen. (NTB)

    Virgil van Dijk
    Foto: AP
  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP
Erling Braut Haaland