NRK Meny
Normal

Har lagt marerittåret bak seg

Morten Moldskred er tilbake i norsk fotball etter eit mislykka år i dansk fotball, som vart øydelagt av skader. Mot Start opna han målkontoen, og får skryt av trenaren som meiner han er tilbake i godt gammalt slag.

Morten Moldskred

Morten Moldskred noterte seg for si første scoring for sesongen mot Start på Sør Arena.

Foto: Bertinussen, Rune Stoltz / NTB scanpix

Agnar Christensen

TIL-trenar Agnar Christensen har tru på at Morten Moldskred vil få ein god sesong.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Han er flink til å gjere seg spelbar. Det luktar mål av Morten. Han scorar mykje på trening og då kjem det som regel i kamp også, seier Tromsø-trenar Agnar Christensen til NRK.

Laurdag scora Moldskred sesongens første mål då han sende Tromsø i leiinga 2-1 mot Start på Sør Arena.

– Meir å gå på

Moldskred utnytta ein feil i Start-forsvaret og kunne enkelt setje ballen i eit tomt Start-bur, etter at også Start-målvakt Håkon Opdal var sett ut av spel.

– Eg har sikkert meir å gå på, men det går bra om dagen og eg trenar godt. Det er mange spelarar på laget som vil spele, så det er berre å stå på, seier Moldskred.

I slutten av januar vart sunnmøringen fristilt frå danske AGF Aarhus etter ein sesong i den danske toppklubben. Ein sesong som var prega av skader.

Isberget

Miika Koppinen jublar for utlikning saman med Tromsø-fansen på Sør Arena.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Bittert

Moldskred

Morten Moldskred er tilbake i norsk fotball etter eitt år i danske AGF Aarhus. Der sleit han med skade store deler av tida.

Foto: Ole Lind / Ap

Det vart til slutt 2-2 på Sør Arena, etter at Gudmundur Kristjansson utlikna for vertane.

– Sidan vi leiar 2-1 er det sjølvsagt litt bittert at vi ikkje klarar å halde heilt inn. Vi skulle gjerne hatt tre poeng, seier Tromø-spissen.

No er den tidlegare Rosenborg-spelaren glad for å vere tilbake i Tromsø. Sist han var i klubben scora han 29 mål på 76 kampar.

– Det var eit langt år i fjor og eg er veldig glad det ordna seg med Tromsø, seier han.

Var aldri i tvil

Trenar Agnar Christensen var aldri i tvil om spissen skulle komme tilbake i godt gammalt slag.

– Det har vi vore ganske sikre på. Når du trivst godt og har det bra er det lettare å spele fotball, seier han.

Sjølv vil ikkje spissen avsløre om han har sett seg mål om kor mange scoringar han vil putte denne sesongen.

– Det er ikkje viktig kven som scorar, så lenge vi vinn kampane, smiler han.

Tabbar øydela for Start

Mons Ivar Mjelde i mixed zone

Mons Ivar Mjelde var greit nøgd med eitt poeng heime mot Tromsø.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Start-trenar Mons Ivar Mjelde var brukbart nøgd med uavgjort mot Tromsø.

Likevel tykte han det var bittert å avgi poeng sidan laget tok leiinga tidleg i andre omgang.

– Det er litt skuffande å stå att med eitt poeng når vi tek leiinga. Men det var ein kamp med få sjansar. Det snur fort i fotballen, seier Mjelde til NRK.

På utlikninga tapte ein Start-forsvarar ein hovudduell. Dermed stod Miika Koppinen heilt umarkert og kunne enkelt setje inn 1-1.

– Sterkt å komme tilbake

Berre to minutt seinare var det rot i Start-forsvaret som gjorde at nemnde Moldskred sende bortelaget opp i leiinga.

– Plutseleg tapar vi ein duell. Så er det kommunikasjonssvikt. Då er det sterkt av oss å komme tilbake. Det vitnar om moral og styrke. Vi er halvnøgde, seier han.

– Feil kan skje i fotball og uheldigvis skjedde det oss i dag. Vi møter tøffe duellspelarar og tøffe lag. Vi må berre gjere så godt vi kan, seier Mjelde.

Start

Espen Hoff og Start jublar for 1-0 scoringa som vart sett inn på straffe.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.