Dermed slepp laget å spele med fotballdrakter utan reklame på brystet i serieopninga mot Molde på søndag.
- Eit betydeleg beløp
- Verdien på avtala er hemmeleg. Men vi snakkar om eit betydeleg beløp. Kontrakta er også bonusrelatert. Det betyr at gode resultat blir premiert med nye midlar frå hovudsponsoren, seier marknadsdirektør i Lyn, Keith Woods.
Avtala varer ut året, og skal evaluerast etter sesongen. Klubben, som slit med raude tal, håpar at friske midlar skal hindre at fleire av dei beste spelarane blir selde.
- Det er veldig godt å ha dette på plass. Vi har heile tida hatt tiltru til at administrasjonen skulle klare å fikse ein generalsponsor før sesongstart. Og det klarte dei heldigvis, seier kaptein Tommy Berntsen.
(Artikkelen fortsetter under videoen)
Video: Lyn er reddet - ny sponsor på plass.
Vil sponse Oslo-klubb
I ein stram sponsormarknad såg det lenge ut som Lyn blei einaste klubben i eliteserien utan generalsponsor.
- Vi sponsar Lyn først og fremst fordi det er ein Oslo-klubb. Og fordi mesteparten av kundane våre ligg i Oslo-området. I tillegg er det veldig gledeleg å gå inn i idretten med sponsormidlar, seier administrerande direktør I Carrot, André Jensen.
-Kva verdi er det på avtalen?
-Det er eit forhold mellom Carrot-konsernet og Lyn.
-Men vi snakkar om ei millionavtale?
-Det er ein god avtale for begge partar, seier André Jensen.
I dag blei det også klart at Kim Holmen blir i Lyn.
Les: