Sportsleg leiar Håvard Flo stadfestar at dei jobbar for fullt med å sikre seg midtbanetalentet frå Ghana.
Gilbert Koomson vart henta til ungdomsakademiet til thailandske Tero Sasana som 16-åring etter å ha overbevist for det ghanesiske U17-landslaget.
– Han har overbevist oss så pass bra at vi har bestemt at vi vil ha Gilbert. Det er ein prosess som går no, så det er ikkje 100 prosent avklara endå. Men vi har godt håp, seier Flo.
Håpar på RBK-kamp
OPTIMIST: Håvard Flo seier Sogndal jobbar for å få Gilbert Koomson speleklar til helgas oppgjer mot Rosenborg.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKDen tidlegare englandsproffen seier det står att nokre detaljar i overgangen, men vil ikkje kommentere om dette er detaljar knytt mot klubb eller spelar. Flo ventar ei endeleg avklaring innan eit par dagar.
Han har likevel håp om at 18-åringen blir speleklar til helgas bortekamp mot serieleiar Rosenborg.
– Kampane kjem fort, men det er det vi jobbar mot. Rosenborg-kampen er no på laurdag, så då hadde det vore viktig å få han klar i og med at både Malick Mane og Azar Karadas har karantene. Det hadde vore ein fin moglegheit å bli brukt i løpet av ein slik kamp der oppe, seier han.
Var nøkkelspelar
Koomson vert rekna som ein av Søraust-Asia sine største talent. Den siste tida har han spelt på lån hos Samutsongkram. 18-åringen var klubbens nøkkelspelar, og etter seks mål på 12 kampar vart han henta tilbake til Tero Sansana.
Tero skal ifølgje nettstaden goal.com ikkje ha registrert spelaren sidan han kunne hamne i Sogndal. Før Koomson hamna i Thailand, var han også aktuell for engelske Stoke.
I Sogndal har 18-åringen imponert både på trening og i treningskampen mot Fana.
– Guten har ferdigheiter. Vi hadde ein testkamp mot Fana der han gjorde det veldig bra. Han har god fart, gode dribleferdigheiter, seier Flo.
Skulle erstatte Mane
Sogndal kasta sine auge på afrikanaren då det herska stor uvisse kring framtida til sentrale Malick Mane. No har Mane forlenga kontrakten med Sogndal, men Sogndal vil likevel hente stortalentet Koomson.
– Vil de klare å halde begge spelarane nøgde med tanke på speletid?
– Ja det trur eg ikkje skal bli noko problem. Alle spelarar har lyst til å vere involvert heile tida, og når ein ikkje spelar for mykje, eller ikkje så mykje involvert som ein ynskjer, så er det noko du må handtere, seier Flo.