- FØLG KAMPEN DIREKTE KL. 20.45: Polen - Russland
Vondt blod har prega forholdet mellom dei to landa i fleire hundre år. Tysdag kveld vil det vise seg kor sterkt hatet eigentleg er om dagen.
Polsk politi tar i alle fall ikkje lett på EM-kampen mellom Polen og Russland i Warszawa. Dei er førebudd på supporterkrig med desse midlane i bakhand:
- Hundar som er spesialtrena til å angripe og bite i folks testiklar.
- Supersoniske kanonar som får folk i nærleiken til å urinere ukontrollert.
- Ei gigantisk vasskanon, også omtala som «Tyfonen».
For begge land er kjende for å ha nokre av fotballens mest knallharde «hooligans».
Rundt 6000 politimenn og -kvinner skal halde den polske hovudstadens mest ekstreme fans i sjakk.
Russarane vil marsjere gjennom gatene
For å bygge opp stemninga rundt sjølve kampen, vil tusenvis av russiske tilhengjarar marsjere til nasjonalarenaen for å markere nasjonens nasjonaldag.
Med den betente historia dei to landa imellom, er myndigheitene uroleg for at polakkane vil sjå det som provoserande at russarane marsjerer gatelangs i hopetal.
Episoden polakkane seint vil gløyme er Katyn-massakren i 1940, då Sovjet-styrker drap over 20 000 polakkar og la skulda på nazistane.
Dei som ble massakrert var polske soldatar som hadde hamna i sovjetisk krigsfangenskap etter den sovjetiske innmarsjen i Øst-Polen i september 1939.
Då polens president, Lech Kaczynski, styrta med fly på veg til Smolensk i Russland for to år sidan kom Katyn-historia opp på ny.
Presidenten var på veg til ei minnemarkering for dei falne etter Katyn-massakren.
Med seg hadde han fleire regjeringsmedlemmar. Alle 96 passasjerane døydde saman med mannskapet om bord.
Seinare har enkelte polske politikarar, inkludert eks-presidentens bror Jaroslaw, påstått at flyet blei skote ned av russiske forsvarsstyrkar.
Det har derimot ikkje komme fram at episoden var meir enn ei ulukke.
VIDEO: Russiske fans bankar opp vaktar mot Tsjekkia
– Vilje til forsoning
NRKs utanrikskorrespondent Morten Jentoft trur dei færraste i både Russland og Polen ønskjer ein hard isfront, og at bare dei mest ekstreme supporterane utgjør ei fare for sikkerheiten i Warszawa i kveld.
– Det er klart at det har vore sterke kjensler i sving i mange år her, men no ser ein også at det motsette har skjedd. Ein har sett russarar og polakkar som saman har lagt ned blomar til minne om Katyn-ofra. Det er vilje til forsoning i 99 prosent av folket.
– Men så er det jo nokon som vil bruke EM-oppgjøret til nasjonalistiske formål. Kva som vil skje når det nærmar seg kampstart veit vi ikkje enno. Men samanstøyt mellom polakkar og russarar kan raskt bli biletet ein sit igjen med. Politiet er klar over dette, og vil vere tungt ute i gatene i kveld, seier Jentoft.
Russland vann sin første kamp i EMs gruppe A. Laget herja med Tsjekkia, og vann 4–1.
Polen står med eitt poeng etter at dei spelte 1–1 mot Hellas i opningskampen.