- KAMPFAKTA: Start - Tromsø 2-2 (0-0)
For det tok nemleg heile 56 minutt før det skjedde noko nemneverdig på Sør Arena.
Ein lang ball frå Rolf Daniel Vikstøl mot Saliou Ciss i Trømsø-forsvaret enda med at Start-angriparen Matthias Vilhjalmsson sprang inn i kroppen på forsvararen.
Dommar Svein-Erik Edvardsen peika umiddelbart på straffemerket. Avblåsinga såg særs tvilsam ut.
Espen Hoff gjorde ingen feil då han plasserte straffa hardt til høgre for Tromsø-målvakt Marcus Sahlman og sende sørlendingane i leiinga 1-0.
Forsvarsrot i Start
18 minutt før full tid slo Tromsø tilbake. Ein TIL-spelar stussa ballen vidare etter eit innlegg. Plutseleg stod Miika Koppinen heilt alene og kunne enkelt setje ballen i nota.
Berre to minutt seinare oppstod ein merkeleg situasjon på Sør Arena. Midtstoppar Bismark Acosta kasta seg etter ballen som var på veg ut over dødlinja. Samstundes kom målvakt Håkon Opdal ut i full fart.
Ballen gjekk rett til Tromsøs Morten Moldskred som enkelt kunne setje ballen i det tomme målet. Dermed stod det plutseleg 2-1 til bortelaget frå nord.
12 minutt før slutt slo heimelaget tilbake. Etter ein sjanseorgie fekk Espen Børufsen ballen på ute på kanten. Vingen slo inn til ein heilt umarkert Gudmundur Kristjansson på bakerste stolpe, som utlikna for gultrøyene.
Kunne sikra sigeren
Fem minutt seinare fekk Kristjansson ei eventyrleg moglegheit til å sende Start opp i leiinga igjen.
Eit nydeleg innlegg frå Espen Børufsen enda i beina til islendingen på femmeteren. Men ein dårleg førstetouch gjorde at Sahlman i Tromsø-buret fekk kontroll.
Dermed enda det uavgjort 2-2 på Sør Arena.
Verken Tromsø eller Start har tapt så langt denne sesongen.