Begge laga har levert inn protest etter at domar Trygve Kjensli vifta med gule kort i oppgjeret.
Sogndal protesterar fordi dei meinar domaren gå same spelar to gule kort, utan å sende spelaren av bana.
Mandalskameratene protesterar mot at ein uskuldig spelar fekk gult kort og må stå over neste kamp grunna karantene.
Saka er ifølge Lindesnes Avis no til handsaming hos Norges Fotballforbund.
Karl Oskar Emberland er trenar i Sogndal og har aldri opplevd ein liknande farse.
- Vi er einige med MK om at feil spelar fekk eit uriktig gult kort, men det er utrulig at ingen av domarane såg at spelaren som hadde gult frå før skulle få sitt andre, seier Emberland til avisa.
Han seier óg at dei ikkje er ute etter å straffe sørlandsklubben, men understrekar at domaren ikkje heldt mål.
- Det kan i verste fall bli omkamp, seier Roger Ness i Norges Fotballforbund til Lindesnes Avis.
Kampen endte forøvrig uavgjort 2-2.