– Me er definitivt interesserte i dei to frikampane også, seier dagleg leiar i Canal Plus, Steinar Brændeland.
Ein glad Brændeland kunne tidlegare i dag meddela at Canal Plus har teke eit stort jafs av senderettane til norsk fotball, på bekostning av TV2.
I perioden 2013 til 2016 skal seks av åtte kampar kvar runde gå på betalingskanalen. Canal Plus har sikra seg rettane til visning både på TV, IP TV, internett og mobil.
- LES OGSÅ: TV2 mistar Eliteserien
– Fleire om beinet
Dei to resterande eliteseriekampane er førebels ikkje selde. Det er heller ikkje magasinet, landskampar, NM, første divisjon og Toppserien.
Også her må Norges Fotballforbund (NFF) få avtalar i boks før den gjeldande avtaleperioden går ut i 2012, og Canal Plus har blod på tann.
– No skal NFF truleg leggja ut desse rettane i marknaden. Me er absolutt interesserte i dei to siste eliteseriekampane, men det blir jo fleire om beinet, seier Brændeland I Canal Plus.
Har Canal Plus eit mål om å ta over heile fotballen?
– Nei, det trur eg ikkje me har økonomi til. Konstadsnivået på det me har kjøpt er såpass høgt at me må tenkja oss nøye om før me går inn i nye forhandlingar. Det er svært dyrt å kjøpa visningsrettar, seier Brændeland, som ikkje vil avsløre kva dei måtte punga ut for å få NFF til å gje blaffen i bodrundar.
– Bodet var svært høgt, nær vår smertegrense. Om det er riktig pris veit me ikkje. Kanskje har me betalt for mykje, eller me kan ha vore heldige og betalt under marknadspris.
- LES OGSÅ: Viasat fortsetter med mesterligaen
(Saka held fram under biletet)
– Har ikkje snytt TV2
TV2, som har hatt senderettane til Eliteserien dei siste fem åra, kjenner seg snytt av NFF etter at dei i dag vart informerte om kjøpet, som gjekk føre seg i all hemmelegheit.
– Forbundet har opptredd uprofesjonelt. Denne beskjeden kom som lyn frå klar himmel for oss, seier sjefredaktør i TV2, Alf Hildrum.
Canal Plus-leiar Brændeland meiner derimot at TV2 ikkje har grunn til å føla seg sviken.
– Nei, dette er forretningar. Kanskje er det ein tung dag for TV2 som mistar eit kjærkome produkt, men det var det også for oss når dei huka Premier League.
– Lov å vera smarte
Normalt sett har visningsrettane til norsk fotball vorte lagde ut på anbod.
Sjølv om Brændeland avviser at kanalen har «kuppa TV2», innrømmer han at dei har teke i bruk utradisjonelle metodar for å kapra Eliteserien for neste periode.
– Ja, utradisjonelt er det nok. Men det er lov med «smartness» så lenge ein held seg innanfor gjeldande lovar og reglar. Ein må få lov til å gjera avtalar mellom to partar, seier den daglege leiaren i Canal Plus.
Konkurransetilsynet seier at saka er ny for dei, og at dei ikkje kjenner til heile avtalegrunnlaget.
– Når det er sagt, ser det ut til at konkurransen fungerer fordi rettane vert flytta mellom aktørane, seier informasjonsrådgjevar Ronny Turøy i Konkurransetilsynet til NTB.