Dei to laga låg på førehand i praksis heilt likt på andreplass før kampen. No har Brann overtaket i opprykkskampen når fire serierundar står igjen, med tre poengs leiing på Kristiansund.
Det gjorde heller ikkje dagen verre for Brann at dei fekk hjelp av bynabo Åsane, som heldt serieleiar Sogndal til 1-1. Avstanden framover er berre fire poeng.
Målet kom på eit tidpunkt då Brann såg ut til å vere svert nøgde med å halde 0-0 til pause. Trenar Nilsen var ikkje nøgd med det han hadde sett av Brann til då.
Sikker på scoring
Så kom hjelpa. Godt inne i overtida i første omgang handsa Aliou Coly like innanfor eigen 16-meter, og Kristoffer Barmen sette kaldt inn leiarmålet.
Det er vanlegvis Erik Huseklepp som tek Branns straffer. Men mot Bryne sist måndag var ikkje veteranen på banen då Brann fekk straffe, og Barmen sette iskaldt inn sigersmålet (2-1) i sluttminutta. Derfor kravde han å ta straffen også i dag.
– Straffe skal vere mål, og det var det. Eg kjende meg ganske sikker i dag, sa Barmen til CMore.
– Kampen er spesiell. Det blir mykje kriging i ein kamp som betyr så mykje, sa Barmen.
Som fekk eit gult kort som betyr at han mister kampen mot Jerv 14. oktober.
Kristiansund hadde det meste av spelet i første omgang, men det var Brann som scora. Etter pause var Brann tolmodige, og fekk kontringar. Det gav ingen resultat, men dei raude frå Bergen heldt unna.
– Rett å dømme straffe
– Vi spela godt, eg er stolt av gutane. Vi venta ein tett og god kamp, og det vart det. Vi pressa dei i periodar, men klarte ikkje å avslutet skikkeleg.
– Men det var straffe, det var rett dømt, sa Kristiansund-trenar Christian Michelsen.
- Ingenting er avgjort, vi skal slåst heilt inn. Det er ikkje sikkert at andreplassen rauk, sa ein skuffa men fatta KBK-trenar.
Det kan han få eit svar på allereie i neste runde om to veker. Då skal Kristiansund gjeste Sogndal.
– Tar straffe til han bommar
Brann-trenar Lars Arvid Nilsen hadde beina godt planta på jorda etter sigeren.
– Vi tok tre vikige poeng, men vi skal spele fleire kampar, sa Nilsen, som ikkje var nøgd med det han såg av sitt eige lag i første omgang. Det sa han frå om i pausen.
Ein ting var likevel Nilsen heilt klar på:
– No skal Kristoffer få ta alle straffene – iallfall til han bommar.