Hopp til innhold

Her blir Susanne (15) VM-helt framfor 110.000

Det var VM-finale i fotball. Det var over 110.000 tilskodarar på tribunene. Ute på bana scora ei 15 år gammal skulejente hattrick og sikra Danmark pokalen.

Det var en dansk 15-åring som spilte hovedrollen i finalen i fotball-VM i 1971.

UOFFISIELL VM-HELT: Susanne Augustesen avgjer Mundial-finalen i 1971 med hattrick framfor 110.000 på tribunene

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg såg opp på alle menneska rundt bana, det var folk overalt. Men eg såg raskt ned igjen og konsentrerte meg om kampen. Visst var det 110.000 tilskodarar, men når ballen trillar, tenkjer ein ikkje over slikt.

Orda kjem frå Susanne Augustesen mange år etter den andre og publikumsmessig aller største VM-finalen for kvinner nokonsinne.

Ho var spiss på det danske laget som slo heimelaget Mexico 3-0, og ho scora alle tre. Susanne var berre 15 år og hadde teke ut ekstra lang skuleferie for å få vere med på eventyret langt heimanfrå.

Men det var ingen offisiell VM-finale. Det skulle gå 20 år til før eit VM for kvinner i idretten som alltid hadde vore mannens domene, skulle finne stad offisielt.

Likevel – aldri har ein VM-finale samla fleire på tribunene enn denne haustdagen i Mexicos hovudstad.

Mundial 1971

Kampen Susanne Augustesen snakkar om, fann stad på Azteka stadion i Mexico by 5. september 1971. Ingen snakka om VM eigentleg, namnet på turneringa var Mundial 1971.

Det byrja eigentleg året før. Eldsjeler for kvinnefotball hadde fått stabla på beina ei turnering kalla Coppa del Mondo – i Italia, det store føregangslandet i fotball for kvinner. Der stilte Danmark med eit klubblag som heitte FK Femina, og som slo Italia 2-0 i finalen. 40.000 tilskodarar i Torino var imponerande, det også.

Men det bleikna mot finalen i Mexico året etter. Danmark – også blant dei aller fremste pionerane innan denne idretten – hadde klart å byggje eit landslag frå fleire klubbar.

Seks land deltok. Danmark slo Frankrike 3-0 i første gruppekamp, og spela 1-1 mot Italia i den siste. I semifinalen vart Argentina slått med solide 5-0.

Fleire enn på mennenes finale

Fotballinteressa i Mexico var framleis enorm etter mennenes VM året før. Og med heimelaget i finale, fylte meksikanarane opp det enorme stadionet i Mexico by. 110.000 tilskodarar, skriv nokon, 112.000 melder andre kjelder.

Uansett eit høgare tal enn det offisielle 107.412 som såg Brasil slå Italia 4-1 i mennenes finale på same bane eit år tidlegare.

Dei fekk sjå ein kamp som ikkje utvikla seg slik dei ønskte, og det skuldast ikkje minst 15 år gamle Susanne frå Holbæk. Ho scora ein gong i første og to gonger i andre omgang, og det enda med 3-0.

– Eg scora alle måla med venstrebeinet. Det første kom etter at keeper mista ballen, dei to andre hugsar eg ikkje. Eg var altfor konsentrert til å hugse detaljane, fortel Susanne Augustesen til den danske avisa BT .

– Men eg hugsar eg som spiss fekk god støtte frå laget. Vi hadde eit godt lag den gongen, minnest ho.

Prioriterte skulen

Susanne og lagvenninnene fekk ei stor mottaking då deim kom heim. Det var stor mottaking på Rådhuspladsen med masse publikum og stor pressedekning. Og den 15 år gamle jenta frå Holbæk, rundt seks mil nordvest for København, stod i sentrum for det heile.

Kort tid etterpå vart ho kontakta av ein italiensk klubb med tilbod om proffspel. Italia var eitt av svært få land med profesjonell kvinnefotball, så tilbodet var smigrande.

Men jordnære Susanne ville gjere seg ferdig med skulegongen heime først. Derfor gjekk det enno tre år før ho reiste ut til det som skulle bli meir enn 20 år med fotball i Italia.

Alle længes efter at komme hjem igen. Jeg glæder mig til at komme i skole og få indhentet, hvad jeg er kommet bagud. Jeg går i 2. real, og jeg skal ikke dumpe, fordi jeg har været til verdensmesterskab

Susanne Augustesen

Det byrja i Bologna og heldt fram i ei rad andre klubbar, mellom andre Lazio og Cagliari. Det gav åtte ligameisterskap og to cupgull. Talet på scoringar er litt uvisst, kjeldene varierer frå «over 500» (Wikipedia) til «nesten 1000» (Ekstrabladet). Toppscorar i Serie A vart ho i alle fall sju gonger.

Aldri på det offisielle landslaget

I løpet av alle desse åra vart ho likevel aldri teken ut på det danske landslaget. DBU (det danske fotballforbundet) tok opp kvinnefotballen etter suksessen på byrjinga av 1970-talet, og Danmark vann det første uoffisielle EM i 1979.

Men det var utan Susanne Augustesen, trass i at ho på det tidspunktet var på toppen av sin store karriere i Italia.

I løpet av Italia-opphaldet tok ho også trenarutdanning.

Kvinnefotball hadde ikkje høg status, verken i Danmark eller dei fleste andre land, på den tida. Tvert imot. Ingen av dei etablerte fotballforbunda ville ta i kvinnefotball, og i fleire av landa hadde kvinnefotball vore forbode i lang tid.

Og de danske verdensmestre blev heller aldrig anerkendt af kvindekampens toneangivende feminister, selv om det kan diskuteres, om ikke de kvindelige fodboldspillere gjorde mere for lighed mellem kønnene end de fleste af datidens kvindelige rollemodeller.

Avisa Information, Danmark

I Danmark var det tre klubbar som på 60-talet etablerte Dansk Kvinde Fodbold Union. Dei arrangerte fleire turneringar. FC Femina var den beste klubben, som også konkurrerte utanlands, og som skaffa Danmark den første uoffisielle VM-tittelen i 1970.

– Kvinnefotballen vart forsømt

Suksessen i 1970 og 1971 førte til at DBU tok inn kvinnefotballen i 1972 – etter sterkt press, skreiv Ekstrabladet i ein artikkel i 2012. Men iveren etter å satse på kvinnene var skral, og kvinnefotballen vart forsømt, skreiv avisa.

Då kvinnefotballen omsider slo gjennom og tok til å bygge seg opp internasjonalt, utover 80-talet, og land som Noreg, Sverige, Kina og USA bygde seg opp, stod Danmark stille.

Ei av årsakene var kanskje at Danmarks herrelag på den tid tok steget inn i verdstoppen, og namn som Morten Olsen, Preben Elkjær, Michael Laudrup og Allan Simonsen dominerte overskriftene, meiner Information . Det var ikkje lett for kvinnene å bli prioriterte på den tida.

Men kampane i Mexico i 1971 står ikkje på Danmarks offisielle liste over fotballandskampar for kvinner. Finalehelt Susanne Augustesen har heller ingen landskampar. Offisielt.

Likevel – då DBU gjennomførte ei røysting tidlegare i år, vart Susanne Augustesen kåra til den tredje beste danske kvinnelege fotballspelaren gjennom tidene . Lone Smidt Nielsen vann framfor Katrine Pedersen.

Fotball forbode i 50 år

Danmark var faktisk tidleg ute med kvinnefotball.

Av dei store fotballnasjonane var det berre Italia som var tidlegare ute med kvinnefotball. Allereie i 1968 var den første ligaen etablert, og Italia spela sin første landskamp same året (2-1 mot Tsjekkoslovakia) og vann eit høgst uoffisielt EM (Coppa Europa per Nazioni) i 1969 med 3-1 over Danmark i finalen.

I England var fotball for kvinner i praksis forbode i 50 år . Frå 1921 til 1971 bannlyste ligaen og fotbalforbundet nemleg alle klubbar som let kvinner spele fotball på sine baner.

Også i Tyskland var fotball for kvinner forbode rundt 1970, og i Brasil vart ei liknande ordning ikkje avvikla før i 1982.

Først tidleg på 1990-talet vart fotball for kvinner akseptert av FIFA. Det første offisielle VM vart arrangert i 1991, der Noreg tapte for USA i finalen.

UEFA var litt tidlegare ute, og arrangerte det første europameisterskapet i 1984. Noreg vann det andre, med Trude Stendals to scoringar i 2-1-sigeren over Sverige i finalen på Ullevaal.

Avvist av fotballforbundet

Først i 1996 avslutta Susanne Augustesen karrieren i Italia og reiste heim til Danmark. Der håpa ho å jobbe vidare innanfor fotballen.

Men ho vart skuffa.

For DBU var ikkje interessert i å bruke hennar kompetanse, opparbeidd gjennom meir enn 20 års proffliv. Ho fekk ikkje jobb innan fotballen i heimlandet. Det tok ho tungt.

– Det var vanskeleg for meg å gje slepp på den idretten som hadde vore livet mitt i så mange år. Dei første par åra var verst. Eg sakna den daglege treninga og lukta frå garderoben. Du må spørje DBU om kvifor dei ikkje hadde bruk for meg, seier Susanne.

I dag er ho 59 år og jobbar i Københavns kommuneadministrasjon, i ei stilling som ikkje har noko med fotball å gjere. Idretten ho elskar, ser ho berre på tv.

– Men det hender at når eg går ein tur i parken og kjem forbi nokon som spelar fotball der, kan eg finne på å ta 15-20 minutt med dei, smiler Susanne.

Fotball

  • Odd ute av cupen etter «kaoskamp» – ble senket av brassescoring

    Sandnes Ulf sørget for at nok et eliteserielag er ferdigspilt i årets fotball-NM. Odd ble sendt ut med 4-5-tap på bortebane.

    Odd tok ledelsen i en kamp som inneholdt fem scoringer før pause. 1.-divisjonslaget Sandnes Ulf ledet da 3-2, og i annen omgang fortsatte de lyseblå å score. Etter 71 minutter la Vajebah Sakor på til 5–3 for hjemmelaget etter en vanvittig scoring på brassespark.

    Målrushet fikk NRK-ekspert Alexander Schau til å reagere.

    – Det er fullstendig kokos og revning av alt som er normal oppførsel i en fotballkamp. ingen kan forsvare seg, og alle kan score. Her kan du faktisk holde pusten mellom hvert mål og ikke svime av, sa Schau i Cupen Live på NRK.

    (NTB)

  • KFUMs nødløsning ble cuphelt i straffedrama

    Idar Nordby Lysgård (29) ble avgjørende da KFUM Oslo slo Sogndal ut av cupen. Keeperen ble hentet til klubben dagen før.

    I straffesparkkonkurransen reddet han et svakt spark fra Martin Høyland. Det ble den eneste bommen på KFUMs vei til 5-4-seier.

    Selve kampen endte 1-1 på Fosshaugane Campus.

    Lysgård var klubbløs før han tirsdag ble en del av keeperteamet til «Kåffa». Dagen etter voktet han Oslo-lagets mål i cupens 3. runde.

    Emil Ødegaard fikk søndag en smell i hodet og måtte sy ti sting etter en duell som endte med rødt kort til Bård Finne.

    (NTB)

    Eliteserien fotball 2021: Odd - Mjøndalen (2-2)
    Foto: Trond R. Teigen / NTB
  • Johnsen og Botheim cupmestere med Malmö

    Malmö viste seg sterkest i straffesparkkonkurransen mot Djurgården og kunne juble for cuptittelen. Lasse Berg Johnsen satte det avgjørende straffesparket.

    Malmö sikret seg dermed sitt 16. cuptrofé, noe som er åtte mer enn AIK og IFK Göteborg. De lyseblå fra sør vant siste cupen i 2022, og de måtte vente i det lengste i onsdagens finalekamp.

    Tobias Gulliksen og Haris Radetinac misbrukte begge sine forsøk i straffesparkkonkurransen. Malmö-keeper Johan Dahlin reddet. Lasse Berg Johnsen på scoret den avgjørende straffen.

    (NTB)

    Erik Botheim scorer 1-0
    Foto: Andreas Hillergren / TT / NTB
  • Djurgården klager på lang Tokmac-utestengelse

    Tokmac Nguen er ilagt fire kampers karantene etter Allsvenskan-dramaet mot Malmö. Nå påklager Djurgården den lange karantenen.

    Det er Aftonbladet som tirsdag skriver om den siste utviklingen i saken mot den norske spilleren.

    Nguen ble utvist etter en duell med Malmös Derek Cornelius i den aktuelle ligakampen i forrige uke. I sekundene som fulgte, skallet han til Pontus Janssons brystkasse.

    (NTB)

    Tokmac Nguen
    Foto: Magnus Lejhall / TT / NTB
  • Lewandowski-hat trick reddet Barcelona

    Barcelona var i trøbbel hjemme mot Valencia, men så slo Robert Lewandowski til og snudde 1-2 til 4-2.

    Polakkens måltrippel kom etter pause mot et Valencia-lag som spilte hele 2.-omgangen med ti mann.

    På to cornere stanget Lewandowski inn 2-2 og 3-2. Han toppet det hele med en utsøkt frisparkscoring på overtid.

    Hat tricket sendte spissveteranen opp i 16 mål i La Liga. Det er tre bak toppscorer Artem Dovbyk (Girona), mens Alexander Sørloth (Villarreal) og Jude Bellingham (Real Madrid) har 17.

    Fermin Lopez scoret kampens første, før Hugo Duro og Pepelu snudde for gjestene. Så ble Valencia-keeper Giorgi Mamardashvili utvist da han stoppet ballen med hendene utenfor boksen.

    Mot ti spillere fikk Lewandowski finere arbeidsforhold og snudde kampen.

    Med fem kamper igjen har Barcelona grepet om 2.-plassen. Laget er to poeng foran Catalonia-naboen Girona. Det skiller elleve poeng opp til Real Madrid på tabelltoppen. (NTB)

    Robert Lewandowski i 4-2-seieren mot Valencia
    Foto: Joan Monfort / AP
Erling Braut Haaland