NRK Meny
Normal

Solskjær om Celtic: – Vanskeleg å bli god når du vinn ligaen berre ved å møte opp

Ole Gunnar Solskjær meiner mangel på konkurranse i ligaen er grunnen til at Celtic slit i europeiske turneringar. Han ber klubben å framleis satse på Ronny Deila som manager.

Deila og Solskjær

BØR FÅ HALDE FRAM: - Ronny er under, press, men han bør få sjansen til å halde fram, seier Ole Gunnar Solskjær om sin kollega i Celtic

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Det er vanskeleg å halde kvaliteten oppe når du vinn ligaen år etter år berre ved å møte opp, sa Solskjær til skotsk presse etter Molde-sigeren over Celtic i Glasgow torsdag kveld.

– Det er naturleg at dei slit når dei heller ikkje har «Old Firm». Det var skikkeleg tøffe og intense kampar, seier Molde-manageren og siktar til dei tradisjonelle storkampane mellom Celtic og Rangers.

Rangers ligg an til å cruise gjennom Championship, og i så fall er «Old Firm» tilbake neste år.

– Press er ein del av jobben

Solskjær meiner at Deila kan vere rett mann som trenar, trass problema Celtic har i Europa.

– Han har vore under stort press heile tida i Celtic, men det er slik det er i den jobben. Om eg var Celtic-sjef, ville eg ha gitt Ronny sjansen vidare. Eg kjenner han, og veit at han er ein veldig god trenar, sa Solskjær.

Vil ikkje bruke det som orsaking

Daniel Berg Hestad

MOLDE-SUKSESS: Daniel Berg Hestads sigersmål sende Molde vidare, og la endå større press på Ronny Deila

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Deila vil ikkje bruke konkurransen i ligaen som orsaking.

– Vi må vere klar for å heve oss i Europa uansett, det må vi klare å handtere, seier Deila, som er sikker på at han får halde fram i jobben.

– Vi har også spela gode kampar både i Europa og i ligaen. Men mot Molde kom vi ikkje opp mot vårt beste, og det var skuffande, sa Deila.

Torsdag var det den årlege fyrverkeri-kvelden i Glasgow. Daily Record tok ikkje uventa eit tittelgrep etter tapet: Gløym fyrverkeriet. Celtics europaliga-ambisjoner har gått opp i røyk.

– Heldig som får ny sjanse

Men manageren sjølv er overtydd om at Celtic framleis kan bli nummer to i gruppa og gå vidare.

– Vi er heldige som får ein ny sjanse, sa han etter at Fenerbahce og Ajax spela uavgjort. Celtic møter dei to i sine to siste kampar. – Vi kan gå vidare om vi vinn dei.

– Eg tenkjer ikkje på min eigen posisjon. Det er det andre som får ta seg av. Eg skal gjere alt for å snu dette og vinne dei to siste kampane, og også å vere klar til neste år.

– Trur du at du får sjansen til det?

– Ja, det er eg sikker på.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.