Dei leia 2-0 borte mot Telford i kampen i National League North (nivå 6 i det engelske ligasystemet) måndag. Men dei tapte 2-3, og dermed er det historiske nedrykket eit faktum.
Ufatteleg nok har dei aldri rykka opp heller. Dei har halde seg på same nivå eller blitt med der dei var kvar gong ligastrukturen har endra seg. Tre gonger har dei vore med på å stifte ein ny liga.
– Eg håpar at vi kan rykke opp igjen på direkten, og dermed setje endå ein rekord, seier styrleiar Richard Kane til BBC.
Gainsborough Trinity vart stifta i 1873, femten år før det blei innført noko form for ligasystem i England.
Med på å stifte tre ligaer
I 1912 blei dei sist i The Football League. Der var det på den tid ingen automatisk nedrykk. Dei dårlegast plasserte laga måtte søke om å halde fram. Men Gainsborough vann ikkje fram med sin søknad.
Plassen gjekk til lokalkonkurrent og erkerival Lincoln City, som har ligarekord i opp- og nedrykk.
I 1889 var klubben ein av stiftarane av Midland League, og i 1896 blei dei valde inn i Division 2 i The Football League. Med sine 22.000 innbyggjarar er Gainsborough ein av dei minste byane som har hatt lag i ligaen.
Toppåret var 1905 med ein sjetteplass i divisjonen.
I 1912 valde dei å gå tilbake til Midland League, der dei var i øvste divisjon fram til 1968. Fire gonger vann Gainsborough ligameisterskapet, men det var ingen liga å rykke opp til på den tid. Då var klubben med på å stifte Northern Premier League, og blei der til Conference North blei starta opp i 2004.
Neil Warnock, Leighton James og Brian Little er blant dei meir kjende namna som har vore manager i klubben.
Men etter 145 år er det slutt. Neste år er det Northern Premier League. Det historiske nedrykket er eit faktum.