- Det har heilt klart blitt ei tung belastning også for meg. Vi har fått spørsmål frå Tyskland, USA og Australia, og det er ei forferdeleg oppleving, seier Plätzer til NRK.
- Les:
Sjølv om Plätzer ikkje likar det, har han fått med seg at fleire no stiller spørsmål om hans rolle som trenar.
- Det er klart eg føler at fleire og fleire peikar på meg i denne saka, det hadde vore dumt å ikkje tenke i den retninga. Men eg veit at Erik ikkje har gjort noko gale, og eg veit at eg ikkje har gjort noko gale, og vi vil kjempe heilt til slutt, seier Plätzer, som har fått enorm støtte på heimebane (sjå video).
Vil behalde Plätzer
Sportssjef Ronny Nilsen seier at Friidrettsforbundet ikkje har vurdert å fjerne Plätzer som trenar.
- Vi har ikkje tatt stilling til Stephans rolle oppe i dette her. Vi har ein avtale med han, seier Nilsen.
Han seier det er for tidleg å slå fast om dopingsaka får nokon konsekvens for Plätzer, som også har trenaransvaret for den EM-klare maratonløparen Kirsten Melkevik Otterbu.
- Vi må avvente den vidare saksgangen, seier Nilsen, og legg til at det faktum at Plätzer ikkje skal vere med til EM, ikkje grunnar i mistillit.
- Grunnen er at det blir mykje merksemd rundt dei, og at det vil lette trykket på Stephan at han ikkje er med der, seier Nilsen.