«Eire-Irland 1916-2016» stod det på trøya under landslags-emblemet under ein privatlandskamp mot Sveits.
Kampen gjekk 24. mars, men først no har FIFA opna sak..
Bruken av det irske symbolet er eit argument England og Skottland har brukt i kravet om å få bruke det tradisjonsrike valmue-symbolet når dei skal møtest i VM-kvalifiseringskamp på Wembley neste fredag.
Det var etter at valmue-konflikten kom opp, at FIFA melde at dei vil straffe Irland etter kampen i mars.
Irland brukte sin logo for å markere hundreårsjubileet for opprøret i påska 1916, eit blodig opprør som blei starten på irsk lausriving frå britisk styre.
Påskeopprøret for hundre år sidan varte i seks dagar. Det braut ut 2. påskedag, 24. mars. Opprørarane tok kontroll over nøkkelposisjonar i Dublin og proklamerte Irland som sjølvstendig republikk.
Opprøret varte berre i seks dagar, men 485 menneske mista livet i kampane.
Valmue-konflikt
Og no har FIFA fått i fanget ei anna sak med politisk bakgrunn: Valmue-symbolet som England og Skottland vil bruke på Wembley.
Valmue-symbolet er sidan 1921 brukt i om lag alle offisielle samanhengar i Storbritannia i dagane fram til 11. november, som eit minne om britiske soldatar som har falle i strid.
FIFA nektar laga dette, men både England og Skottland har varsla at dei likevel vil spele med svarte armband med påbroderte valmuemotiv.
FIFA likar det ikkje. I regelverket står det at «utstyr kan ikkje ha noko politisk, religiøst, kommersiell eller personleg slagord, bodskap eller bilete».
– Men valmuen er eit symbol på minne og respekt, det er ikkje politisk, seier Charles Byrne, leiaren av The Royal British Legion. – Vi ber FIFA vurderer dette på nytt.
Spelarar eller lag som bryt desse reglane kan straffast, men reglane spesifiserer ikkje kva straffer som kan kome på tale.
No kan derfor både England, Skottland og Irland bli straffa.
– Det vil mest truleg bli snakk om bøter, seier BBCs kommentator Richard Conway.