Las Vegas, Qatar og Kina får alle sine eigne løp neste sesong. Kalenderen er førebels ikkje klar, men om ikkje nokre av dei tradisjonelle arrangørane blir fjerna vil neste sesong bli tidenes lengste.
Det vil vere andre året på rad at Formel 1-kalenderen er rekordstor. Årets sesong består av 23 løp, noko som aldri før har skjedd. I tillegg er denne sesongen éin månad kortare enn tidlegare på grunn av fotball-VM i Qatar i november og desember.
Utviklinga kan føre til ei endå større belastning på både førarar, laga og støtteapparat. No har det gått så langt at trearen i verdsmeisterskapen, Sergio Pérez, set ned foten og truar med å trekkje seg frå Formel 1.
– Det er klart at det er ein stor etterspurnad om å arrangere Formel 1, men å ha for mange løp er «no-go», i alle fall for meg, seier Red Bull-føraren til The Athletic.
ERFAREN: Sergio Perez har konkurrert i Formel 1 i mange år.
Foto: ANDREJ ISAKOVIC / AFPKlar i talen
Mexicanaren har konkurrert i Formel 1 sidan 2011 og har sett kalenderen auke frå 19 løp for elleve år sidan, til 23 løp denne sesongen.
No er trebarnsfaren lei av at sesongen tek stadig meir tid frå resten av livet.
– Det er så mange løp og før kvart løp er det simulator-trening og ulike sponsorarrangement. Så vi har rett og slett nesten ikkje noko tid til oss sjølv og familien vår. Eg har eit par små barn og eit tredje på veg, seier han og held fram:
– Viss kalenderen veks meir, kjem eg definitivt til å slutte.
Det er ikkje berre Perez som er bekymra for ein stadig veksande løpskalender. Også Alfa Romeo-sjefen Frederic Vasseur meiner utviklinga kan påverke dei negativt.
– Vi er urolege over å miste dyktige tilsette, seier Vasseur til Motorsport-total.
BEKYMRA: Alfa Romeo-sjef Frederic Vasseur.
Foto: Zsolt Czegledi / APMeiner Perez sutrar
Akkurat den påstanden til Vasseur stiller ekspertkommentator Henning Isdal seg bak.
– Her synest eg Perez er sutrete. Det er ikkje han som har det vanskeleg, det er mekanikarane som har det slitsamt. Han flyg førsteklasse eller i privatfly, det gjer ikkje støtteapparatet bak, seier Isdal til NRK.
STUSSAR: Ekspertkommentator Henning Isdal tykkjer lite om Sergio Perez sine utsegn.
Foto: Rune Bendiksen / ViaplayFormel 1-løpa er arrangerte i alle kontinent utanom Afrika, og det betyr mykje reising over ulike tidssoner. Kommentatoren viser medkjensle for støtteapparat som må reise på økonomiklasse.
– Eg forstår at 23 løp allereie er i grenseland for kva som er mogleg å få til, men det er ikkje Perez som bør vere misfornøgd. Fyren reiser på det mest komfortable viset og får veldig godt betalt for det, seier Isdal.
Tippar det blir fleire
Akkurat no består årets sesong av 22 løp etter at Russland mista sitt Grand Prix som følgje av krigen i Ukraina. Ein erstattar for løpet skal komme på plass, og Tyskland, Portugal og Tyrkia er alle aktuelle arrangørland for løpet i september.
Frå neste år er det allereie klart at Las Vegas og Qatar skal inn i kalenderen, og om ingen av dei meir tradisjonsrike løpa forsvinn, kan talet på løp fort auke til 25 i løpet av éin sesong.
– Eg vil ikkje seie at 23 løp er ei absolutt grense. Det kan fort bli fleire, men no er vi i den situasjonen at arrangørane må finne ei løysing. Kven skal ut? Og kven skal gi den beskjeden? Det er ei hovudpine, seier Isdal.