Ifølgje Daily Mirror kan møtet avgjere om Allardyce får sparken som landslagssjef, berre to månader etter at han fekk jobben. Sjølv skal han ha fortalt fleire personar som står han nær at han fryktar for å miste jobben.
Allardyce er i trøbbel etter at han blei avslørt for å fortelje korleis ein kan omgå tredjeparts-forbodet i overgangsreglementet.
Han skal i august ha forhandla fram ein avtale verdt 400.000 pund og forklart det han trudde var ei gruppe asiatiske forretningsmenn korleis dei skulle omgå reglane som skal hindre tredjepartar i å delta i kjøp og sal av spelarar.
Vart filma i skjul
Reglane skal hindre at tredjepartar skal «eige» spelarar og deira økonomiske rettar for å sikre seg inntekter frå pengemaskina Premier League.
Dette er tidlegare skildra som reint slaveri, og vart forbode i England i 2008. FIFA følgde etter og forbaud dette på verdsbasis i fjor.
I to møte på til saman fire timar la Allardyce ut om kor lett det var å omgå desse reglane. Det siste av møta var så seint som i førre veke.
Men forretningsmennene var journalistar frå avisa The Telegraph. Dei filma i skjul forhandlingane, der Allardyce også kom med lite smigrande karakteristikkar av sin forgjengar Roy Hodgson.
– Eg veit om agentar som har gjort dette i mange år. Det er framleis mogeleg å omgå «dei latterlege reglane», sa den 61 år gamle landslagssjefen.
FA innleier gransking
Hans råd til forretningsmennene – altså Telegraph-journalistane – byggjer på dei enorme summane som ligg i overgangane i Premier League i dag.
Avisa skriv at dei har jobba med avsløring av korrupsjon i engelsk fotball i ti månader, altså sidan lenge før Allardyce blei landslagssjef. Det skjedde først etter EM i sommar, og han har leia laget i berre ein landskamp.
Historia blei kjend i går kveld. Fotballforbundet har allereie sett i gang gransking, og har bedt avisa om fleire detaljar, melder Sky Sports.
Englands fotballpresident Greg Clarke stadfestar dette overfor Daily Mail.
– Vi skal ikkje dra slutningar enno. Men vi må kome til botns i dette, seier han.