– Vi har prøvd å hogge kyllingbein med dei, og det går fint, seier dronepilot Jon Krosby til NRK.
Han viser fram ein drone av om lag same typen som den som fall ned like bak Marcel Hirscher under slalåmrennet i Madonna di Campiglio tysdag kveld.
– Det viser kor farleg desse dronene er, og kor viktig regelverket er, og at det blir følgt, seier han.
Skal aldri fly over folk
For reglane er klare. Dronene skal følgje spesielle korridorar, og aldri fly over folk.
– Ved idrett med så stor fart som i alpint skal dronene alltid vere 30–40 meter bak utøvarane. Dei skal aldri kome inn i synsfeltet til utøvaren heller, og dei skal halde seg unna publikum, seier han.
– Vi gjer også avtaler med utøvarane. Dei som ikkje ønskjer det, skal sleppe å bli følgt av dronene, seier Krosby.
Saka held fram.
Etter hendinga i Madonna har FIS bestemt seg for å forby droner på verdscuprenn i framtida. Det er det ikkje alle som er like glade for.
– Unik betydning for tv-produksjonen
– Det er trist med eit fullstendig forbod. Dronene gjev unike bilete vi ikkje får på andre måtar, seier Eirik Solheim, teknologirådgivar hos NRKbeta.
Han seier at berre det siste året har dronene blitt svært viktige for gode sportsproduksjonar.
– I løpet av 2015 har vi sett at dette har blitt heilt essensielt for å skape gode tv-produksjonar. Vi brukar kraner, skinner og mykje flott utstyr for å gi sjåarane gode opplevingar. Og no er også dronene blitt viktige verktøy i dette, seier Solheim.
– Dronene kan også sendast inn over farlege område og auke tryggleiken for journalistar og fotografar, seier han.
Kvitfjell: – Ei klok avgjerd
Styreleiar i Kvitfjell, Svein Mundal, støttar derimot FIS' avgjerd.
– Eg skvatt då eg såg hendinga i går, og tenkte på at dette kunne ha skjedd i Kvitfjell også, seier Mundal til NRK.
I Kvitfjell vart det brukt droner under verdscuprenna i mars. – Men det er tvilsamt om vi kjem til å gjere det i vinter, etter det som no har skjedd, seier Mundal – før han får vite om FIS-forbodet.
– Det er ei klok avgjerd. Så får vi setje oss ned etter sesongen for å finne ut korleis vi skal handtere det, seier Mundal.
Han meiner vanlege kamera uansett er det viktigaste.
– I mars var det eit supplement for oss, men var ikkje det viktigaste. Det er og blir dei tradisjonelle kameraene, seier han.