Normal

Draumetrekning for Leicester

Ståle Solbakken og FC København møter Leicester i gruppespelet i meisterligaen. Men dei andre engelske laga får det langt tøffare.

APTOPIX Britain Soccer Premier League

KAN BLI MEIR JUBEL: Claudio Ranieris menn kan få meir jubel i årets meisterliga.

Foto: Matt Dunham / Ap

Dei regjerande engelske seriemeistrane får den enklast moglege vegen til åttedelsfinale i meisterligaen denne sesongen.

Leicester skal møte FC Porte, Club Brugge og FC København. Det betyr at norske Ståle Solbakken skal bryne seg på Claudio Ranieris store overraskingslag.

Derimot må dei andre engelske storlaga belage seg på langt tøffare motstand

Møter gamleklubben

Pep Guardiola har fått ein god start på trenar-karrieren i Manchester City. Når dei skal ut i meisterligaen seinare i haust får han møte gamleklubben Barcelona. Spanjolen trente Barcelona mellom 2008 og 2012, og har sidan også trent Bayern München.

I tillegg til Barcelona, er også tyske Borussia Monchengladbach og skotske Celtic med i gruppa.

Også Arsenal må ut mot tøff motstand. Franske Paris Saint-Germain har vunne Ligue 1 fire år på rad. Dei møter også Basel og Ludogrets i gruppe A.

  • Her finn du den fulle oversikta over årets grupper

Siste nytt

  • Serie B stoppet inntil videre

    En domstol har stoppet Italias Serie B på ubestemt tid. Da Bari, Avellino og Cesena gikk konkurs i sommer, startet Serie B sesongen med bare 19 lag.

    Men flere lag protesterte, og har fått rettens medhold. Serien er stoppet etter tre runder.

    Avgjørelsen som serien skal utvides til 22 lag, faller trolig fredag.

  • Torino ut av OL-kampen

    Den italienske søknaden om vinter-OL 2026 er redusert til to søkjarbyar etter at Torino har trekt seg. Berre Milano og Cortina er no med i Italias fellessøknad.

    Torino arrangerte OL i 2006, og det var meininga at fleire av anlegga frå den gongen skulle brukast i eit nytt OL.

    Marsipankake
    Foto: Heiko Junge / SCANPIX
  • Ny styreleder i Antidoping Norge

    Thorhild Widvey er valgt til ny styreleder i Antidoping Norge (ADNO). Widvey er tidligere kulturminister og har også en periode bak seg som styremedlem i WADA.

    Thorhild Widvey
    Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport i dag
Team Ingebrigtsen
Mesterligaen: 1. runde