– Eg har aldri juksa i løpet av karrieren. Eg er sjokka over å ha blitt kopla til desse hårreisande påstandane, seier Paula Radcliffe til The Guardian.
Radcliffe har hatt verdsrekorden i maraton for kvinner i 12 år.
Ho er vinnar av London maraton og ein av Storbritannias mest populære idrettsutøvarar.
Etter ei høyring i det britiske parlamentet blei maraton-dronninga plutseleg kopla til dopingjuks. Då starta krangelen for alvor.
– Journalistar er dyr
Grunnen til oppstyret: Prarlamentsmedlem Jesse Norman nærma seg slutten på ei utspørring av styreformann David Kenworthy, då han stilte dette spørsmålet:
«Når du høyrer at London maraton-deltakarar, potensielt vinnarar og medaljørar, potensielt britiske utøvarar no er mistenkte for å bloddope seg... Når du tenker på korleis det påverkar unge menneske og samfunnet generelt, kva føler du då?»
Spørsmålet førte til spekulasjonar i britisk presse: Var det Paula Radcliff han sikta til?
Koplinga får Norman til å rase. Politikaren skjeller ut britiske journalistar etter forsnakkinga.
– Etter ei tre timar lang dopinghøyring i parlamentet er det interessant å sjå at media presterer å dra ein setning ut av kontekst, anta at det gjeld Paula Radcliffe eg sikta til, oppsøke ho og presse ho til å uttale seg, seier Norman.
– Journalistar er ein gjeng dyr, seier politikaren.
Kommentator: – Han må vere veldig dum
Norman får no kritikk av media for å refse media.
«Om Jesse Norman verkeleg trur at han ikkje utleverer Radcliff overfor alle som har hjerne, er han enten veldig dum eller trur at alle andre er det», seier Daily Express-kommentator Stephen Pollard.
Radcliffs navn har tidlegare dukka opp i samanheng med doping. I desember skreiv The Telegraph at den tyske kanalen ARD hadde mottatt ei liste med store namn som hadde unormalt høge blodverdiar.
I britisk presse måtte Radcliffe svare på dopingspørsmål. Det samme gjentok seg i dag.
– Desse skuldingane øydelegg omdømmet mitt og alt eg har stått for gjennom heile karrieren. Mitt namn og rykte kan aldri bli bra etter dette, sjølv om påstandane om at eg har dopa meg er usanne, seier Radcliffe, som la opp tidlegare i år på grunn av skader.