– Lat oss seie at vi ser fem år fram i tid, så er eg overtydd om at det kjem ein dag. Slik som i amerikansk fotball, seier Terje Hauge.
I amerikansk fotball har dommaren ein mikrofon som han/ho kan bruke til snakke over høgtalaranlegget på arenaen.
– Og det synest du er bra?
– Ja. Det er eg i alle fall ein tilhengjar for å jobbe for å få til. Men det er med føresetnaden at vi spelar på lag med IFAB og Fifa, som er organisasjonane vi er nøydde til å følgje, seier han.
Den tidlegare toppdommaren er no dommarsjef i Noregs Fotballforbund (NFF). Han fortel at forbundet er positive til å utvikle konseptet rundt VAR, Video Assistant Referee, for å gi publikum og TV-sjåarar ei best mogleg oppleving, seier Hauge.
Hauge: Ikkje i 2023
Det som ligg til grunn for kva dommarane kan gjere er regelverket til International Football Association Board (IFAB).
– Innanfor protokollar som IFAB har i dag, så kan ein opne opp kommunikasjon ved at dommaren, etter å ha sett på skjermen, kan trykkje på ein knapp og kommunisere avgjerda ut til publikum, og kvifor ho vart teke, seier han.
– Er det noko de ønskjer?
– I 2023 skal vi trene for å bli gode i dei rollene vi har. Frå 2024 får vi sjå om vi er klare for å opne opp kommunikasjonen der ute, alt frå stadion til TV-sjåarane. Vi er framme i skoen og vil vere med på å utvikle konseptet VAR til det aller beste for alle sjåarane som er glad i fotball, seier dommarsjefen.
Dommarsjefen er klar på at dei må følgje protokollane som er sette internasjonalt. Der er det akkurat no ikkje opna for å dele kommunikasjonen mellom hovuddommaren og VAR undervegs i vurderinga av ein situasjon.
– Eg er veldig sikker på at kommunikasjonen mellom VAR og dommar vil opnast opp i løpet av få år i internasjonal fotball i ulike ligaer og heilt sikkert også i norsk fotball, seier Hauge.
– Må gjere det så tilgjengeleg som mogleg
Dommar Espen Eskås har sjølv dømt kampar med VAR og fekk sjansen i meisterligakampen mellom Leipzig og Celtic i haust.
Han gler seg til innføringa av VAR, og fortel han er overtydd om at det vil løfte fotballproduktet i Noreg. Eskås er også open for å gi publikum meir innblikk.
– Vi er innforstått med at viss VAR skal bli eit produkt alle omfamnar, så må vi gjere det så tilgjengeleg som mogleg. Viss det inneber å opne for dialog og kommunikasjon til publikum, så er vi innstilte på å vere med på den reisa, seier Eskås, og understrekar at han snakkar på vegner av seg sjølv.
– Hauge seier det blir som amerikansk fotball. Kva tenkjer du?
– Det er viktig å finne ein fornuftig balansegang. Viss det å modifisere VAR-bruk gjer at det blir meir attraktivt å komme på stadion, så er vi dommarar veldig med på å sjå på løysingar. For oss dommarar er det også mykje meir stas å dømme for fulle tribunar, seier han.
Sjå innslaget til sportsrevyen om innføringa av VAR i Eliteserien:
IFAB seier til NRK at utfordringar knytt til å dele dommarkommunikasjon mellom anna vil vere knytt til integriteten til dommaren, vern av data, språkutfordringar og at det kan påverke kommunikasjonen mellom dommarane.
Dei opplyser samstundes at det er noko som blir diskutert i fleire ledd internt i IFAB, men at dei ikkje kan gi noko ytterlegare informasjon.
Trur openheit blir viktig
Ønsket om å opne kommunikasjonen blir godt motteken utanfor dommarstanden.
– Viss dei er trygge nok på seg sjølv, så vil det gå veldig fint. Viss dei er tøffe nok til å vere tydeleg og stå i den avgjerda dei har teke, så får eventuelt folk vere samde eller usamde etterpå, men eg trur folk flest vil ha stor respekt for det, seier Viking-spelar og NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.
TV 2s sportskommentator Mina Finstad Berg meiner openheit rundt kvifor avgjerdene blir tekne vil vere «kjempeviktig» for at innføringa av VAR blir ein suksess.
– Det at ein får ei forklaring, trur eg hadde vore kjempefint og mange hadde sett stor pris på det. Eg trur det også hadde gitt eit verdifullt innblikk i korleis dommarane jobbar, seier ho.
– Eg trur det er frykteleg vanskeleg å fullt ut forstå den arbeidsoppgåva som dommarane har ute på bana. Å bli sleppt litt tettare innpå det, trur eg også kunne vore bra for dommarane, seier Finstad Berg.