Hopp til innhold

Dette tener dei største idrettsstjernene

Dei største idrettsprofilane i Norge gjer det ikkje berre bra i sport. Therese Johaug har auka formuen sin med 12 millionar kroner, medan Karsten Warholm sprang inn 3 millionar kroner i fjor.

Skatteoppgjeret

GODE PENGAR: Det er gode pengar å tene i toppidretten.

Foto: Scanpix

Vi har kikka på innteka og formuane til nokre av dei største og mest omtalte profilane i norsk idrett i fjor. Og skal vi tru skattelistene har mange av dei også grunn til å smile når dei sjekkar kontoen sin.

Våre største langrennsprofilar er ifølgje tal frå skatteetaten i fjor dei som sit på den største formuen, medan det er i sykkel dei største inntektene ligg.

Fotballspelar Martin Ødegaard har også all grunn til å smile. Overgangen til Real Madrid har sikra 20-åringen ein formue på over 32 millionar kroner.

Medan Jakob Ingebrigtsen måtte nøye seg med 46.000 kroner i inntekt i fjor.

1. Nedgang for Solskjær

Premier League - AFC Bournemouth v Manchester United

FOTBALL: Ole Gunnar Solskjær har fått det tøft etter at han overtok som manager for Manchester United.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Trass i at Solskjær har opplevd stor uro etter at han overtok som fast manager for Manchester United, så treng han ikkje miste nattesøvnen på grunn av økonomiske vanskar privat.

I skattelistene står han oppført med ein formue på i overkant av 22 millionar kroner og ei inntekt på 6,4 millionar kroner i fjor. Dette var før han overtok Manchester United.

I 2017 stod ha oppført med ei inntekt på rundt 7 millionar kroner, som rett nok var ein nedgang frå året før, då han drog inn nesten 16 millionar kroner som Molde-trenar.

Formuen har også krympa 2 millionar kroner.

2. Johaug håvar inn

Pressetreff med det norske skilandslaget

COMEBACK: Therese Johaug var tilbake i skisporet i fjor etter dopingdommen.

Foto: Tommy Pedersen/tt / NTB scanpix

Therese Johaug var tilbake i langrennssporet etter dopingdommen i fjor, men har ikkje lidd nød dei pengemessig dei siste åra. Det siste året under dopingdommen hadde ho ei inntekt på 3,2 millionar kroner og ein formue på 36, 6 millionar kroner. I fjor auka ho formuen med heile 12 millionar kroner til over 49 millionar kroner.

Inntekta var på 3,4 millionar kroner i fjor.

3. Ingen sjakk matt privat

VM i Fischersjakk 2019

SJAKK: Han tapte på heimebane i fischersjakk, men lir ingen økonomisk naud.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Magnus Carlsen tapte VM-finalen i fischersjakk på heimebane i Bærum, men økonomisk har sjakkesset ingen grunn til å bekymre seg. Han har ein formue på 24,3 millionar kroner, som rett nok er ein nedgang frå 26,9 millionar kroner i 2017. Sjakkmeisteren frå Bærum spelte inn 907.000 kroner i inntekt fjor.

4. Sprang inn millionar

World Athletics Championships - Doha 2019

WARHOLM: Nordmannen Karsten Warholm forsvarte sitt VM-gull i Doha i haust.

Foto: Lucy Nicholson / Reuters

Den ferske VM-gullvinnaren Karsten Warholm er for alvor begynt å tene pengar på idretten sin. I fjor sikra han seg EM-gull og sprang inn over 3 millionar kroner i inntekt. Ifølge skattelistene står han bokført med ein formue på nesten ein halv million kroner.

5. Suksess i løypa og privat

Johannes Høsflot Klæbo

LANGRENN: Johannes Høsflot Klæbo presterer ikkje berre i langrennssporet.

Foto: Jacques Boissinot / AP

Den store VM-kongen med tre gull frå VM i vinter, Johannes Høsflot Klæbo, har også merka suksessen i skiløypa privat. Etter OL-sesongen i 2018 har han auka formuen frå 2,4 millionar kroner i 2017 til over fem millionar kroner i fjor. Inntekta er rett nok redusert frå 968 489 kroner til 717 401 kroner i fjor.

6. Stor formue for Ødegaard

Pressetreff med fotballandslaget

FOTBALL: Martin Ødegaard opplever stor suksess for sitt nye lag Real Sociedad.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

20-åringen frå Drammen har hatt stor suksess på utlån til Real Sociedad og har også fått ei sentral rolle på det norske landslaget. Økonomisk er det liten grunn til bekymring for ungguten. Han har ei formue på heile 32 millionar kroner. Han hadde rett nok null i inntekt i fjor.

7. Tente 46.000 kroner

VM i friidrett 2019 i Doha i Qatar

FRIIDRETT: Jakob Ingebrigtsen har for alvor etablert seg i verdstoppen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Jakob Ingebrigtsen vann gull både på 1500 meter og 5000 meter under EM i fjor. Likevel står han oppført med berre 46.362 kroner i inntekt fjor. Formuen er på 1,8 millionar kroner.

8. OL-gull gav pengar i kassa

VM ski 2019. Medaljeseremonien

VM-GULL: Ingvild Flugstad Østberg vant Tour de Ski samanlagt i 2019.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Ingvild Flugstad Østberg tok gull på stafetten i Pyeongchang. Økonomisk kan også 28-åringen sjå tilbake på eit gullår. I fjor hadde ho ein formue på over 13 millionar kroner og ei inntekt på 960 884 kroner.

9. La opp i fjor

Petter Northug legger opp.

LA OPP: Petter Northug la opp som aktiv skiløpar i 2018.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Like før jul i fjor la skikongen Petter Northug opp som aktiv langrennsløpar. Han kan sjå tilbake på ein karriere med heile tretten VM-gull og to OL-gull. I hans siste år som aktiv utøvar tente han over 2,5 millionar kroner og formuen hans står på 18,8 millionar kroner.

10. Syklar inn millionar

Sykkel-VM landevei i Yorkshire 2019

KRISTOFF: Alexander Kristoff er ein av idrettsutøvarane som har størst inntekt.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Alexander Kristoff har tent gode pengar på to hjul. I 2017 hadde ei inntekt på 17 millionar kroner og er ein av våre best betalte idrettsstjerner. Fjoråret gav ein nedgang i inntekta på rundt 4 millionar kroner og enda på 13,5 millionar kroner.

11. Tener pengar på tennis

Casper Ruud spiller Davis Cup i Oslo

TENNIS: Casper Ruud har lagt bak seg eit stort år på tennisbana i år.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Casper Ruud har i år løfta seg stort på tennisbana og tatt stadig nye steg i karrieren. Økonomisk var fjoråret heller ikkje noko å deppe over. Han står bokført med ei inntekt på 3,2 millionar kroner og ein formue på 2,8 millionar kroner i 2018.

12. Halv million i inntekt

NM på ski del 2 på Lygna

LANGRENN: Emil Iversen hadde rundt ein halv million kroner i inntekt i fjor.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Emil Iversenmå sjå seg slått av Petter Northug og fleire av dei andre profilane i langrennsløypa. I fjor stod han bokført med ei inntekt på 529.871 kroner. Formuen er på i overkant av 600 000 kroner.

13. Gullball-vinnaren over millionen

16-delsfinalen i Champions League kvinner. Avaldsnes - Lyon (0-2)

GULLBALL: Ada Stolsmo Hegerberg tok imot i fjor gullballen som første kvinne i historia.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

Ada Stolsmo Hegerberg har tatt den eine triumfen etter den andre med sitt Lyon. 2018 vart toppa, då ho tok imot Gullballen som første kvinne i historia. Ifølgje skattelistene står ho i fjor med ei inntekt på 1.038.420 kroner. Formuen er på 314.000 kroner.

14. Ingen inntekt i Norge

EM-kvalifisering fotball menn: Norge - Spania 1 -1

KING: Joshua King er blitt ein viktig spelar på det norske landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Joshua King er blitt ei viktig brikke på det norske landslaget og er ein av dei få landslagsspelarane som aldri har spelt i norsk toppserie. Den 27-år gamle Bournemouth-spelaren har sikra seg for framtida. Han har ei formue på nesten 4,3 millionar kroner, men hadde ikkje skattbar inntekt i Norge i fjor.

15. Lang karriere

NM på ski del 2 på Lygna

MARTIN JOHNSRUD SUNDBY: Karrieren har så langt gitt Røa-løparen ei formue på nesten 4 millionar kroner.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Martin Johnsrud Sundby har i ei årrekke vore ein av våre fremste langrennsutøvarar. Han var den første nordmannen som vann Tour de Ski samanlagt og han har vunner verdscupen samanlagt fleire år på rad. Men det var først under VM i Seefeld i år han kunne ta si første individuelle gullmedalje. Suksessen har absolutt lønna seg. I fjor hadde han ei inntekt på 7,8 millionar kroner og formuen nærmar seg 4 millionar kroner.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal