Hopp til innhold

Dette er hotell-spørsmåla Fifa ikkje svarte på

NRKs avsløring om VM-hotella reiste ei rekkje spørsmål til VM-arrangøren og Fifa. Ingen av dei vil svare direkte på spørsmåla.

FIFA President Gianni Infantino attends a news conference in Bangkok

TAUS: Fifa-president Gianni Infantino har garantert for tryggleiken til homofile i Qatar. No ønskjer ikkje Fifa å svare på konkrete spørsmål om NRK, SVT og Drs avsløringar.

Foto: JORGE SILVA / Reuters

Gong på gong har Fifa forsikra om at alle er velkomne til fotball-VM i Qatar.

Sjølv om homofili er kriminalisert i vertsnasjonen, er absolutt alle velkomne til meisterskapen, ifølgje Fifa.

Ei undersøking gjort av NRK, SVT (Sverige) og DR (Danmark) gir eit anna bilete. Over ein fjerdedel av dei 69 VM-hotella tilrår at ein ikkje viser legninga si.

Tre av hotella nektar homofile å bestille rom.

Vil Fifa framleis hevde at VM er for alle? Det var eitt av spørsmåla NRK ønska svar på.

NRK spurde også Fifa om følgjande:

  • Korleis reagerer de på funna frå undersøkinga vår?
  • Har Fifa nokon krav til hotella som står på den offisielle lista deira over VM-hotell?
  • Har de gjort nokon undersøkingar før de tilrår desse hotella, for å sikre at alle er velkomne?
  • Kvifor er det ikkje eit krav at alle hotell akseptera homofile gjestar?
  • Vil de no gjere nokre tiltak baserte på undersøkinga vår om hotella i Qatar?
VM-hotellene i Qatar

Fleire av dei grå hotella har vi hatt dialog med, men trass i gjentekne spørsmål på telefon og e-post har dei ikkje svart på om dei tillèt homofile gjester.

«Alle kan kjenne seg velkomne»

Fifa opna svaret med å gjenta bodskapen om at VM er for alle.

Organisasjonen forsikra at Qatar er fullt ut medvitne sitt ansvar for å overhalde Fifas forventningar og krav til menneskerettar, likskap og antidiskriminering.

Fifa opplyste også at det blir gjennomført «fleire strategiske innsatsar, som også inkluderer hotellområdet». Samtidig trekte dei fram samarbeid med «relevante interesseorganisasjonar» knytte til både fotball og LHBTQ-samfunnet.

– Fifa er sikre på at alle nødvendige tiltak vil vere på plass for LHBT+-supporterar, slik at dei, som alle andre, kan kjenne seg velkomne og tryggje under meisterskapen, svarte Fifa i ein e-post.

Samtidig slo Fifa fast at alle former for diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet er strengt forbode.

– Fifa prøver å skape eit miljø utan diskriminering og å fremje forskjell internt i organisasjonen og i alle aktivitetane og arrangementa sine.

Fifa viste vidare til VM-komiteen og oppmoda NRK til å ta kontakt med dei.

World Cup - FIFA Teams Seminar

MEKTIGE: Fifa-president Gianni Infantino saman med sjef for VM-komiteen, Hassan Al-Thawadi.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters

NRK stilte dei same spørsmåla til komiteen, som også forsikra om at «alle deltakarar kan kjenne seg velkomne og trygge».

Komiteen understreka likevel at Qatar er eit konservativt land, og dei ber folk om å respektere qatarsk kultur og normer.

Direktør i det danske fotballforbundet, Jakob Jensen, lèt seg ikkje roe av utsegnene frå Fifa og VM-komiteen.

Jakob Jensen i DBU

DIREKTØR: Jakob Jensen i Dansk Boldspil-union (DBU).

Foto: DR

– Eg synest dette (tilgangsnekten til hotella, red. anm.) er heilt fjernt. Eg forstår det på ingen måte. Det er fullstendig i motsetning til dei signala Fifa har sendt og det Hassan Al-Thawadi, leiaren av VM-komiteen, sa til meg då eg spurde han direkte om ein kunne vere sikker på at homofile var velkomne til VM i Qatar. Så dette verkar verken særleg inkluderande eller særleg klokt, seier Jensen.

Heller ikkje det svenske fotballforbundet er fornøgde. Dei planlegg å ta med seg hotell-avsløringane til Fifa og VM-komiteen.

– Vi har jobba med desse spørsmåla i mange år no og dessverre er ikkje dette resultatet i seg sjølv overraskande fordi det beviser at det er mykje igjen å gjere. Eg synest det er ei rimeleg forventning at det blir gjort noko med dette no, seier generalsekretær i det svenske fotballforbundet (SFF), Håkan Sjöstrand.

– Kva gjer den vanlege politimannen?

John Peder Egenæs er generalsekretær i Amnesty International Noreg.

Han meiner svara frå VM-hotella viser at Fifas lovnader ikkje er forankra hos vertsnasjonen.

Det tala viser, er at dei haldningane både Fifa og VM-komiteen gir uttrykk for, ikkje siv ned i systemet. Det gjer at det alltid vil hefte ein viss tvil ved om det er heilt trygt og akseptert, seier Egenæs til NRK.

Generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty International Norge

KRITISK: – Det burde vore 100 prosent «kom hit»-svar, for det har ein vorte lova, seier generalsekretær i Amnesty International Noreg, John Peder Egenæs.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Det gir meg ei oppleving eg har stadig vekk i samband med fotball-VM i Qatar og løfta som blir gitt: Fifa og VM-komiteen svarer på rett måte, men det verkar ikkje alltid som dei gjer nok for at dei svara som blir gitt frå toppen, blir etterlevd lenger ned i systemet, seier han.

Fifa har garantert for rettsleg tryggleik. Korleis skal homofile tru på det?

Eg har ikkje lyst til å gjere folk redde for å dra til Qatar, men det er klart at når hotell har atterhald mot homofile, så må ein spørje seg kva den vanlege politimannen gjer viss to menn kyssar eller held hand. Den vanlege reaksjonen vil vere å gripe inn og arrestere, og kan ein kjenne seg trygg på at det ikkje kjem til å skje når VM rullar og går? Akkurat no ville ikkje eg vore trygg på det, seier Egenæs.

Fotballpresident Lise Klaveness er klar på at det ikkje er akseptabelt at det ikkje er nokon rettsleg tryggleik for homofile under VM.

Klaveness og NFF håpar å få lova suspendert så lenge meisterskapen går føre seg.

Så lenge lova ikkje er suspendert den mellombelse perioden, er det ikkje nokon garanti. Sånn er det trass alt med eit lovverk. Ein må ha ein rettsleg tryggleik, og ein må vite i forkant at ein får rettsleg tryggleik. Dette er eit av områda nordiske fotballforbund og Uefa må prioritere. Saman med nokre andre saker, så er dette med rettsleg tryggleik for homofile under meisterskapen, og at dei veit det i forkant, eit av dei prioriterte områda, og vi må verkeleg trykkje på for å få på plass det, seier Klaveness til NRK.

Siste nytt

  • Uno-X-rytter imponerte: På pallen i Dauphiné

    Fjorårets Tour de France-vinner Jonas Vingegaard tok en suveren soloseier på den femte etappen i Critérium Dauphiné. Et drøyt halvminutt bak kom det en mindre gruppe som spurtet om de gjenværende plassene på podiet.

    Der viste norske Tobias Halland Johannessen seg frem. Tidligere verdensmester Julian Alaphilippe klarte akkurat å slå Johannessen i spurten, men nordmannen tok med seg en svært fin tredjeplass.

    Det er 23-åringens første pallplass for sesongen.

    Johannessen blir etter alle solemerker en av de viktigste rytterne til Uno-X i sommerens Tour de France, hvor laget deltar for første gang.

    Rittet avsluttes søndag.

    Tobias Halland Johannessen
    Foto: Tuva Åserud / NTB
  • Svimlet på startstreken - så tok nordmannen VM-gull

    Stian Hovind Angermund (36) ble torsdag verdensmester i fjelløp.

    – Dette er en drøm som går i oppfyllelse. Det var et virkelig tøft løp, da er det deilig å klare målet jeg hadde satt meg, sier han til NRK.

    På engelsk kalles det VM i «mountain and trail running», mens det på norsk kan oversettes med fjell- og terrengløp. Arrangøren opererer med en lengde på den korte løypa på 40 kilometer.

    Angermund klokket inn på 4 timer og 19 minutter i Innsbruck-Stubai, og han slo annenmann Thomas Roach fra Storbritannia med 2.18 minutter.

    For å klare det måtte nordmannen grave dypt.

    – Jeg var meget langt nede i kjelleren i dag. Jeg følte meg dårlig på start. Jeg var svimmel og følte at jeg skulle gå i bakken. Heldigvis bedret det seg etter hvert og jeg fikk en luke halvveis. Jeg måtte gi alt for å holde de andre bak meg, forteller han.

    Italieneren Luca Del Pero tok bronsen med 3.04 minutter opp til vinneren fra Norge. (NRK/NTB)

    Stian Hovind Angermund
    Foto: Norsk Friidrett
  • Granerud dropper sommer-EM

    Verdenscupvinner Halvor Egner Granerud er ikke med i den norske hopptroppen til European Games i Krakow, som arrangeres i perioden 27. juni til 1. juli. Årsaken er fallet på trening i Lysgårdsbakken tirsdag.

    – Han er forslått og får ikke trent som normalt, og derfor har han selv valgt å ikke delta, sier sportssjef Clas Brede Bråthen til NRK.

    Norge stiller med åtte utøvere.

    Kvinner: Anna Odine Strøm, Thea Minyan Bjørseth, Eirin Kvandal og Kjersti Græsli.

    Menn: Johann André Forfang, Daniel-André Tande, Marius Lindvik og Bendik Jakobsen Heggli.

    Det skal gjennomføres totalt fem hoppkonkurranser i anleggene i Zakopane.

    Halvor Granerud
    Foto: Frode Søreide / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste