– Ingen er perfekte, eg måtte berre leggje meg paddeflat. Det var eg som hadde «drite» meg ut, seier Olsen til NRK.
Kontrastane har vore store for motorsportprofilen det siste halvtanna året.
Laurdag tok Olsen ein kjempeskalp då han vann sprintløpet i Deutsche Tourenwagen Masters (DTM). Ingen nordmann har tidlegare vunne i det prestisjetunge meisterskapt som har base i Tyskland og arrangerer løp over heile Europa.
Men vi skal ikkje lenger tilbake enn til hausten 2020 før ting var snudd på hovudet. Helgas sjampanjesprut og jubelbrøl kjendest langt unna då han var involvert i ein sportsleg skandale. No snakkar Olsen for første gong ut om stormen som prega han.
– Det var kjipt
I fjor omtalte NRK at motorsportutøvaren vart stoppa av politiet då han køyrde i 77 kilometer i timen i ei 50-sone i Sarpsborg – der han vart fråteken førarkortet på staden.
Under to veker etter hendinga deltok han likevel i eit internasjonalt billøp, sjølv om regelverket seier at utøvarar som blir frådømde førarretten, også mistar lisensen.
– Det beklagar eg, og eg legg meg heilt flat, sa Olsen den gong og innrømde at han ikkje hadde nok kjennskap til regelverket rundt lisensen sin.
26-åringen seier no at han har vakse mykje på hendinga.
– Det var kjipt, men eg har kome godt ut av det på ein måte. Eg har lært og vakse på det. Eg kom ut av det som ein betre person, fordi eg lærte av mine feil, seier han.
– Korleis var det å stå i det?
– Det var ikkje noko kult. Til sjuande og sist er eg veldig ferdig med det, svarer Våler-mannen.
– Veldig spesielt
Trass feilen, såg ikkje Olsen prega ut då han var tilbake på banen og køyrde for arbeidsgivaren sin Porsche.
Den siste tida har den norske racerføraren storkøyrt.
– Ein gjer feil innimellom – det gjer alle. Ein må komme seg vidare og lære av det. Det har eg gjort. Eg har kome gjennom det på ein god måte, kjenner eg, og teke vidare steig i karrieren.
Det viste han tydeleg laurdag. Olsen hadde beste startspor og vann til slutt på Spa-banen i Belgia. Trass regn på slutten, hadde 26-åringen grei kontroll og tok det han omtalar som den største sigeren i karrieren.
– Det var veldig spesielt. I ein så prestisjefylt meisterskap, så er det éin av mine absolutt største sigrar.
Klatrar i samandraget
– Det var veldig herleg. Det har vore ein litt seig sesong, men dei siste løpa har vore bra, seier Olsen.
Triumfen betyr at nordmannen tek steget opp til 4.-plass i meisterskapen totalt. Det står att to løp av utgåva i DMT-sesongen.
– Ambisjonane er å halde fram med å prøve å vinne og ha gode resultat. Vi har bygd oss opp godt gjennom sesongen, og er potensielle kandidatar til å vinne løp. No er det to løpshelgar igjen, og vi kjem til å «gunne» på i kvart einaste løp.