Dansk VM-gull i regnet: – Uverkeleg
Dansken Mads Pedersen overraska alle og sykla inn til VM-gull i eit regnfullt Harrogate i Storbritannia. Han såg ut til å slite få kilometer før mål, men i spurten slo han italienske Matteo Trentin og Stefan Küng som tok bronse.
– Det er uverkeleg. Eg trudde ikkje dette då vi starta i dag. Eg skulle gå tidleg i finalen og la Valgren og Fuglsang kome bakfrå. Men dei kom ikkje opp med van der Poel. Då handla det berre om å overleve. Overleve til spurten, sa dansken til TV 2 etter målgang.
Alexander Kristoff vart beste norske på ein 7.-plass. Amund Grøndahl Jansen tok 17-plassen.
– Det er imponerande. Han var vel ikkje nemnd av nokon, så at han tar Trentin på slutten, det er klasse, sa Alexander Kristoff til TV2 om dansken sitt VM-gull.
Edvald Boasson Hagen, Sven Erik Bystrøm, Vegar Stake Leangen og Carl Fredrik Hagen braut.