Hopp til innhold

Dahl skal gå verdas lengste skirenn: – Veit det blir tunge stunder

På søndag vekkast eit 132 år gammalt skirenn til live. Da gruar sjølv verdas beste langløpar seg.

John Kristian Dahl

NY UTFORDRING: John Kristian Dahl vann Vasaloppet for andre gong i år. Nå er han klar for eit dobbelt så langt renn.

Foto: ULF PALM / TT / NTB scanpix

Tenk deg avstanden mellom Oslo og Lillehammer. Ein tur på drøye to timar om ein køyrer bil. På laurdag skal John Kristian Dahl, Aukland-brørne og ein heil del andre konkurrere i den same distansen på ski.

180 kilometer i tøft kupert terreng.

– Det er som å gå Vasaloppet frå Sälen til Mora, og når du kjem til mål skal du vende og gå tilbake til start, seier arrangør og tidlegare Vasaloppvinnar, Daniel Tynell.

Dahl vil pushe grensene

Eigentleg skulle distansen ha vore som Oslo-Geilo, altså 220 kilometer, men grunna dårleg snøforhold på fleire vatn har distansen blitt forkorta, men blitt desto meir kupert og hardare. Likevel er Nordenskioldsloppet i Nord-Sverige framleis verdas lengste skirenn som går over ein dag.

John Kristian Dahl innrømmer at han gruar seg.

– Eg gruar meg jo skikkeleg, på ein litt sånn eventyrsk måte. Det kriblar litt i magen og eg veit det kjem til å bli tunge stundar undervegs der ein lurar på kvifor ein gjer dette, seier Dahl.

Årets vinnar av både Vasaloppet og Birkebeinarrennet stiller ikkje til start i ekstremløpet fyrst og fremst for å vinne.

– Det er lengda og utfordringa som triggar meg. På ein merkeleg måte har eg lyst til å finne kor grensene mine er og om eg klarer å pushe meg i 10-12 timar. Håpet er at eg utviklar meg som langløpar og kan starte i Vasaloppet neste år og tenkje at det her er jo ganske kort.

SWEDEN-VASALOPPET/

SPURTSIGER: 35-åringen frå Kirkenes har fortid på sprintlandslaget, det kom godt med i spurten om Vasalopp-sigeren i år.

Foto: TT NEWS AGENCY / REUTERS

Vann på 21 timar

Sjølv om rennet får sin fyrste start i år har rennet med målgang i Jokkmokk, røter heilt tilbake til 1800-talet og polforskar Adolf Erik Nordenskiöld.

– Ja, faktisk heilt tilbake til 1884, da arrangerte polfararar og forskarar løpet for å bevise at menneske så visst kunne gå så langt på ski. Nå har det ligge i dvale i 132 år, så da var det på tide å ta det opp igjen, og det så nær originalløypa som mogleg, fortel Daniel Tynell.

Den gong vann Pavva Nilsson Tuorda på 21 timar og 22 minuttar, med heilt andre føresetnadar. I dag trur Tynell vinnaren kan bruke halvparten av tida.

– Det avhenger veldig av forholda, men eg vil gjette at dei beste vil gå under 10 timar.

Laster Twitter-innhold

Makstida for dei 400 (!) påmeldte er 30 timar.

– Den mentale styrka blir heilt avgjerande. Utfordringa blir å klare og plage seg sjølv vidare, sjølv om det blir frykteleg vondt og vondare enn eg trur. Det blir spennande å sjå korleis eg reagerer, om eg klappar i hop etter fem timar eller klarer å stå distansen, seier John Kristian Dahl som skal stake dei 18 mila.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal