Det var i 1978. 18 år gamle Jo Nesbø heada i mål frå langt hald då Molde slo Mjøndalen 2-1. Kampen gjekk på Molde stadion – ei bane som bar sterkt preg av at det var seint på hausten.
Men heimelaget vann iallfall og tok sin aller første NM-tittel i klubbens historie. Seinare har det blitt mange av dei. Molde har spela sju finaler og vunne seks.
Laurdag kan dei ta sin sjuande siger. Motstandar er Vålerenga, som ventar på sin første finalesiger på nesten 50 år.
I 1968 tok Vålerenga (Vålerengen på den tid) det som framleis er klubbens siste NM-tittel for junior. Roy Jansen scora begge måla i 2-0-sigeren over Lyn.
Jansen skulle gjere seg meir bemerka på anna underlag seinare. Med tilnamnet «Sleiper'n» var han med på å vinne seks NM-titlar i ishockey for Vålerenga, og han fekk også 73 landskampar.
Mange toppspelarar
Fotball-NM for junior har eksistert kvart år sidan 1953, og det er mange seinare stjerner som har spelt finaler.
For 50 år siden vann Lillestrøm finalen 3-1 mot Store Bergan med ein gutespelar på laget.
Hans namn var Tom Lund.
I 1966 rykka Lillestrøms A-lag ned til gamle 3. divisjon. Fem av spelarane var med på å spele LSK opp til øvste nivå igjen ni år seinare.
600 speleminutt
Fram til 1982 blei det spela omkampar ved uavgjort. I 1973 slo Pors Brann 2-1 etter ekstraomgangar i den femte (!) finalekampen. Det betyr 600 minutt med finalespel på tunge og våte haustbaner – ingen kunstgras eller innandørshallar på den tid.
Både i 1976 (Fredrikstad mot Stjørdals-Blink) og i 1982 (Rosenborg mot Start) fall avgjerda i tredje finalekamp.
Finalen i 1990 var den første som blei avgjort på straffer. Etter 2-2 i kampen vann Lyn straffekonkurransen med 3-0.
Måtte utsetje konfirmasjonen
Den aller første finalen vart spela i 1953. 15.000 tilskodarar på Bislett såg Skeid vinne 6-2 mot Eidsvoll-klubben VITO. Klubben eksiterer i dag som Eidsvold IF og Bøn.
«I folkevrimmelen utenfor stadion etter kampen løp en eldre dame på en bil som kom sakte kjørende, og falt over ende. Sjåføren hoppet ut og spurte hvordan det var gått. – VITO vant 2-0, svarte damen», skreiv avisa Sportsmanden.
Dagbladet siterer VITOs toppscorer Wiggo Pettersen som i sine notatar skreiv at finalen kolliderte med konfirmasjon i Råholt kyrkje.
Konfirmasjonen måtte utsetjast fordi nesten alle reiste innover til Oslo for å sjå kampen.