Hopp til innhold

Då fotballen kom heim

For nøyaktig 50 år sidan var eg ein av dei som fekk vere med på det heilt store: Å få engelsk ligafotball rett inn i stova for aller første gong.

Knut Th. Gleditsch på tippekamp på Selhurst Park i London i 1972

PÅ PLASS: Knut Th. Gleditsch er på plass på kommentatorplass for NRK.

Foto: Aage Storløkken, Aktuell / Scanpix

Den store dagen var laurdag 29. november 1969, men mi historie tek til ti dagar tidlegare.

I posten kom som vanleg på onsdagar eit nytt nummer av Tippebladet TIPS med detaljert omtale av tippekupongen ei og ei halv veke seinare.

«Neste lørdag skal NRK begynne å sende fotballkamper fra den engelske ligaen. Det blir iallfall kamper hver lørdag fram til jul, sannsynligvis senere utover vinteren også».

Eg måtte lese dette om og om igjen, men det var faktisk det der stod. Og så stod det også noko om at det skulle bli «pling» når det blei mål i dei 11 andre kampane også.

Kunne det verkeleg vere sant?

Ufatteleg

For ein 15-åring som i fleire år hadde følgt engelsk fotball så nøye som det let seg gjere på den tid, var dette ufatteleg. Engelsk fotball var på tippekupongen kvar laurdag, og resultata kom på Dagsnytt seint om kvelden.

Men Dagsnytt var irriterande slappe med å lese opp resultat frå kampane som ikkje stod på kupongen. BBC på den gamle radioen var skurrande og ofte tilnærma ubrukeleg, og dessutan var radioen stadig vekk i bruk av andre i familien.

Det var stort sett å vente til måndagsutgåva av Bergens Tidende. Måndagskvelden var tid for å finstudere sportssidene med tabellane for alle fire divisjonane. Og på onsdag kom TIPS.

Engelsk fotball på fjernsyn var avgrensa til den årlege FA-cupfinalen. Punktum. Stort anna direkte fotball var det ikkje på fjernsynsskjermen i dei dagar.

Og så kom dette. Laga som til no berre hadde vore namn på tippekupongen og i tabellane i avisene, spelarane som vi berre kjende namna på.

No skulle vi få sjå dei i levande live kvar einaste laurdag. Kunne det bli betre enn det?

Lang ventetid og gode grannar

Dagane fram til laurdag 29. november vart lange. I Programbladet vart prosjektet utdjupa: Av diverse grunnar skulle vi ikkje få vite kva kamp som skulle sendast før sendinga tok til, fem minutt før avspark. Og det skulle bli kampar berre frå Midlands-området.

Men det var underordna der og då – det viktigaste var engelsk fotball rett inn i stova kvar laurdag, løpande resultatservice frå dei 11 andre kampane på kupongen, og til slutt alle resultata frå dei to øvste divisjonane. Du store tid kva det var å sjå fram til.

Nei, vi hadde ikkje kjøpt fjernsynsapparat heime enno. Men nokre av grannane hadde, og ute på bygda har ein gode grannar. Dette skulle nok gå bra.

Laurdagen kom omsider. Timane i klasserommet på realskulen (vi gjekk på skule på laurdagane også i dei dagar) snegla seg av garde, og konsentrasjonen var så som så. Kva kamp skulle vi få sjå?

Den store nedturen ...

Wolverhampton – Sunderland og Aston Villa – Charlton var Midlands-kampane frå 1. divisjon på kupongen denne laurdagen. Ein av dei skulle eg få sjå direkte.

Skuledagen tok omsider slutt, eg sprang til bussen. Tida var knapp, men bussen var på plass i tide, og det gjekk akkurat. Fem på tre var eg på plass framfor svart-kvitt-fjernsynet hos grannen. Hallodama annonserte sendinga og fortalde at kampen var Wolverhampton – Sunderland, før ho la til:

«Dessverre har vi litt problem med sambandet til England. Men vi jobbar med saka, og håpar å få kampen på lufta så raskt som mogeleg».

Det var nedtur. Eg hadde ikkje hatt verk i mange dagar og stressa verre for å kome meg heim i tide, berre for å sjå på ein gråkvit plakat med «vi beklager – teknisk feil». Og dei lova plingane frå andre kampar kom heller ikkje.

Dette var rett og slett sørgjeleg.

Tida gjekk. Fem minutt – ti minutt – eit kvarter. Stemninga var ikkje god. Ville vi i det heile teke få signal gjennom i dag? Måtte eg lide meg gjennom enno ei veke før eg fekk sjå engelsk ligafotball? Tanken var ikkje til å halde ut.

... og den enorme oppturen

Hugh Curran

SCORING I SKODDEHEIMEN: Hug Curran blei historisk med det aller første tippekamp-målet i snøstorm både på bana og på skjermen

Foto: PA News Photo

Det vart 18 lange og aldeles forferdelege minutt. Så – akkurat i det tungsinnet var i ferd med å få skikkeleg fotfeste – blafra det i «teknisk feil»-plakaten. Og i neste sekund var det der, biletet frå Molineux. Herlighet for ei glede!

I ettertid kan ein seie at det ikkje var mykje å skryte av. Allereie i utgangspunktet låg vi i skuggen av det langt frå fullkomne nettet av tv-sendarar. Sendingane i den tids svart-kvitt-tv var heller ikkje all verda. Og «snøen» frå dei dårlege signala var blanda med snødrevet som faktisk låg over bana i Wolverhampton den dagen.

Vi såg nokre skuggar som sprang på den grå bana – nokre av skuggane hadde litt lysare gråtone på drakta si enn dei andre, såpass at det med litt strev let seg avgjere kven som høyrde til det eine og det andre laget.

Men det gjorde ingenting. Vi var der. Vi var på ei skikkeleg engelsk fotballbane med to skikkelege engelske lag i ein skikkeleg ligakamp. Alt vi hittil berre hadde sett som resultatet av kamp nummer eitt eller anna på tippekupongen, var der plutseleg lys levande inne i stova. Det kunne ikkje skildrast, det var berre å nyte.

Eitt knapt minutt – og Hugh Curran

Jarle Høysæter

FØRSTEMANN: Jarle Høysæter fekk æra av å kommentere den første tippekampen på norsk tv

Foto: NTB / Scanpix

Kommentator Jarle Høyseter kunne ønskje velkomen og slå fast at vi ikkje hadde gått glipp av mål. Det var framleis 0–0. Men ikkje lenge. Det gjekk neppe meir enn eit minutt etter at «teknisk feil-plakaten» hadde sleppt taket, så kom det historiske første målet i rekka av tippekampar.

Hugh Curran avslutta eit Wolves-angrep med scoring. Ikkje utprega vakkert angrep, ikkje spesielt vakkert mål heller – men vi hadde sett det! Berre så vidt, rett nok, for vi hadde enno ikkje fått tid til å innstille oss på kven som var kven av dei grå skuggane ute på den grå bana. Og fleire mål vart det ikkje i den kampen.

Etter kvart kom også «plingane». Dette var ein sur dag over dei britiske øyane, og fleire av kampane på tippekupongen var avlyste.

Men ikkje Bolton – Queens Park Rangers. Der plinga det i eitt sett – til slutt stod det 6–4.

Uverkeleg

Ettermiddagen kjendest nesten uverkeleg. Her sat eg i sofaen og såg på ein kamp frå sjølvaste England. Lag og spelarar var verkelege der borte på skjermen. Og innimellom såg vi nærbilete av tilskodarane som hoia verre og vifta med dei gråkvite skjerfa sine.

Som eg misunnte dei som fekk sitje på dei fremste tribuneradene og fryse i snødrevet på Molineux i Wolverhampton den laurdagsettermiddagen!

Og eg fekk alle resultata frå kampane i 1. og 2. divisjon – same kveld, og lenge før Bergens Tidende kom i posten. Men ikkje desto mindre: Resultat og tabellar i Bergens Tidende vart om mogeleg endå meir finlesne enn før.

For no var det eit ekstrapoeng: Den kampen har EG sett!

Neste veke vart også lang, men ikkje så lang. No var vi i gang. No låg det framfor oss ei endelaus rad av kampar frå England. Nye baner, nye lag, ny spenning, nye opplevingar og nye draumar.

Epilog:

November glei over i desember, og jula nærma seg. – Kva trur de, skal vi investere i fjernsyn? spurde far.

Ein omformar var nemleg i ferd med å bli sett opp på andre sida av fjorden. Det ville gje mykje betre tv-signal for alle i bygda. Spelarane på skjermen ville skifte frå grå til svart-kvite drakter, detaljane i nærbileta ville bli betydeleg mindre ulne, og «snøstormen» i tv-biletet ville stilne.

Torsdagen før den tredje tippekampen i historia kom montøren med apparatet og antenna. Litt jobbing og innstilling oppe på taket, og så var alt klart. Korkje før eller seinare studerte eg prøvebiletet så nøye for å forsikre meg om at alt var som det skulle.

Den laurdagen viste fjernsynet Leicester – Cardiff. Ein kamp frå 2. divisjon, men det spela inga rolle. Det var ekte engelsk fotball. Og det heime i vår stove, til meg i vår eigen sofa. Det var julegåva si det. Større kan det ikkje bli.

Fotballen hadde endeleg kome heim.

PS: For dei som undrar seg over at det var så viktig å kome heim att til klokka 15 for å få avsparket: På den tid hadde Storbritannia sommartid heile året, og norsk og britisk tid var derfor lik i vinterhalvåret. Eit par år seinare endra dei dette, og deretter var tradisjonell tippekamp-tid klokka 16.00.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal