Siste nytt

  • King forhandlar med Torino

    Joshua King er i forhandlingar med Serie A-klubben Torino, melder nettstaden tuttomercatoweb.com.

    King spelar no i Bournemouth, som i sommar rykka ned frå Premier League. Torino er på 16.-plass i Serie A etter å ha tapt begge sine kampar i seriestarten.

    Ifølgje avisa La Stampa må Torino konkurrere med Premier League-klubbane Fulham og Aston Villa om 28-åringen, som er verdsett til 20 millionar euro.

    Joshua King
    Foto: Mike Hewitt / AFP
  • 14 korona-positive i Genoa

    Seks spelarar og åtte andre tilsette i Serie A-klubben Genoa er smitta av korona-viruset, melder La Stampa.

    Smitten blei oppdaga i prøver som var tekne før og like etter Genoas kamp mot Napoli søndag kveld.

    Nasjonale helsestyresmakter har fått rapport om smitten, og ifølgje avisa er det mange som fryktar at heile Serie A kanskje må ta pause etter eit så stort utbrot så nær opptil kamp.

    Genoa fotball
    Foto: Tano Pecoraro / AP
  • Tampa Bay vann Stanley Cup

    Med 2-0 over Dallas i sjette kamp vann Tampa Bay finaleserien om Stanley Cup med 4-2 i kampar.

    Brayden Point og Blake Coleman scora måla i kampen i natt.

    Det er Tampa Bays første Stanley Cup-siger sidan 2004.

    Ondrej Palat med Stanley Cup-pokalen
    Foto: Perry Nelson / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal