Sportsnyheter

Vipers vann cupfinalen igjen

(Vipers - Sola 29-16):Vipers Kristiansand var storfavoritt til å vinne cupfinalen i handball. Men Sola yppa seg mot stjernegalleriet til Vipers. I alle fall i 50 minutt.

Siste nytt

  • Trekk seg frå VM-kvalifiseringa

    Nord-Korea sitt fotballandslag melder fråfall til både kvalifiseringa til Qatar-VM og Asia Cup.

    Det melder Det asiatiske fotballforbundet (AFC) på sine nettsider. Det går fram ikkje kva som er årsaka til at Nord-Korea ikkje stiller til start i dei kommande kvalifiseringskampane.

    For ein dryg månad sidan valte Nord-Korea å trekke seg frå deltakinga i Tokyo-OL. Det vart då vist til bekymringane koronapandemien skapar.

    South Korea World Cup Qualifying North Korea
    Foto: Lee Jin-man / AP
  • OL-billetten glapp

    Ask Tjøm og Erling Øyasæter vart nummer fire i semifinalen i dobbeltsculler under OL-kvalifiseringa i roing i Luzern søndag.

    Dermed blir det ingen Tokyo-tur.

    Tjøm og Øyasæter vann sitt oppsamlingsheat laurdag og sikra seg med det semifinaleplass. Dermed var det framleis håp om OL-deltaking. I semifinalen vart det derimot stopp.

    Ro-VM i Østerrike
    Foto: Estela Reinoso Maset / NTB
  • Målrush av Oftedal og Dale

    Stine Bredal Oftedal scora sju mål og Kari Brattset Dale seks då Györ revansjerte serietapet nyleg og slo FTC Hungaria 29-25 i den ungarske cupens semifinale.

    Sigeren betyr at det blir finale mot Debrecen søndag. Cupen avsluttast med finalehelg i Veszprém.

    Montenegro Women's Handball Olympic Qualification
    Foto: Risto Bozovic / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal