– For ein strålande heading. Det her trudde eg ikkje Italia skulle slurve bort, seier ekspertkommentator Tom Nordlie.
Alt såg ut til at Italia-Irland skulle ebbe ut i ein litt kjedeleg 0–0 kamp. Det var aldri mangel på intensitet, men målsjansar var det lite av i Lille i kveld.
Det var før dei hardtarbeidande irane sette inn ein skikkeleg sluttspurt.
To gigantsjansar
Fyrst fann Wes Hoolahan rom i Italia-forsvaret og var plutseleg heilt aleine med reservekeeper-Sirigu etter 84 minutt. Innbytaren klarte ikkje å stokke beina og skotet blei aldri like farleg som sjansen.
Men Irland gav seg aldri. Minuttet etter var det ein ire som langt frå ruvar i luftrommet, som var best akkurat der.
Innlegget var perfekt, headinga til Robbie Brady ligeså. Og dei irske tilhengarane kunne ta av på tribunen.
Møter Frankrike
Italia kom til Lille som gruppevinnar og ingenting som skjedde i kveld ville gjere noko frå eller til for Gli Azurri. Derfor stilte dei med eit svært reserveprega lag og bytta ut heile sju spelarar frå kampen mot Sverige.
Irland på si side måtte vinne skulle dei ha sjanse til å fylgje sine nord-irske naboar til sluttspelet.
Og det såg ut som dei hadde gått tom for idear mot slutten. Dei sleit med å få til sjansar og trua ikkje det italienske forsvaret i nemneverdig grad.
Tom Nordlie var ikkje imponert i kommentatorboksen.
– Irland er for føreseielege. Dei er gode på innsats, innlegg og dødballar, men det skortar på ferdigheiter, seier Nordlie.
Italias reservar var også nær sigersmål i sluttminutta. Lorenzo Insigne hadde eit godt innhopp og var svært nær 1–0 mål like før Brady scora for Irland.
Men dei hadde altså gode nok ferdigheiter til å kvalifisere seg til å sikre sigeren mot Italia og dermed tredjeplassen i gruppa.
Italia vinn gruppa framfor Belgia, men Irland er eit av dei fire beste trear-laga som går vidare.
Dei møter dermed vertsnasjon Frankrike i åttedelsfinalen. Alle kampane ser du her.