Det stadfester Swansea sjølv i kveld. Amerikanaren fekk jobben så seint som 3. oktober i år, etter at Francesco Guidolin fekk sparken.
Men Bradley har ikkje klart å få den walisiske klubben på rett kjøl. Swansea ligg nest sist i Premier League, og har berre vunne to av 11 kampar under Bradleys leiing.
1-4 i heimekampen mot Weat Ham 2. juledag vart Bradleys skjebne.
– Uheldigvis har ikkje ting gått som dei skulle, og vi meite vi måtte ta grep no medan halve sesongen framleis står att, skriv klubben på si nettside.
Bob Bradley trena Stabæk i 2014 og 2015, og Stabæk tok bronse i fjor. Amerikanaren gav seg etter sesongslutt.
Tidlegare har han mellom anna leia USAs landslag i VM i 2010, og til siger i det nord- og mellomamerikanske meisterskapet i 2007. Han har også vore landslagssjef i Egypt.
– Vi beklagar at vi må ta farvel med Bob etter så kort tid, skriv Swanseas styreleiar Huw Jenkins.
Klubben må dermed på jakt etter ny manager. Inntil vidare er det trenarane Paul Williams og Alan Curtis som skal leie klubben gjennom det tøffe nyttårsprogrammet, med Bournemouth heime laurdag og Crystal Palace borte tysdag.
– Eg visste nøyaktig kva eg gjekk til då eg tok denne jobben, sa Bradley til Sky Sports.