NRK Meny
Normal

Bradley-evangeliet

KOMMENTAR: Bob Bradley har ført Stabæk til ein høgst uventa plass i toppen av eliteserien. Men kor lenge kan frelsaren halde laget i paradis?

Bob Bradley

Bob Bradley har ført Stabæk til ein høgst uventa plass i toppen av eliteserien

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det er ikkje alltid så langt mellom helvete og halleluja i fotball, særleg ikkje i Stabæk, der Bob Bradley er i ferd med å oppnå Messias-status. Etter kveldens triumf mot Sandefjord er laget á poeng med Rosenborg, og det må vere lov å spørje: har mannen overnaturlege evner?

Nei, det er nok snarare ein svært effektiv form for bakkekontakt. Stabæk-suksessen bygger på Bradley si velutvikla forståing av realitetane, og korleis å få mest muleg ut av dei.

Offensive omstillingar

Angrepsspelet til Stabæk underbygger denne påstanden. Etter at dei mista dei to fremste målscorarane frå i fjor, Franck Boli og Fredrik Brustad, måtte Bradley omstille. Det har han gjort med bravur.

Stabæk har scora på mange forskjellige vis, og dei har skapt sjansar i ulike fasar av kampane.

(Artikkelen fortsetter under videoen)

Stabæk har overrasket positivt på begynnelsen av årets sesong. Her kan du se et sammendrag av lagets scoringer, så langt i sesongen.

Dei har scora etter hurtige overgangar, dei har scora mot etablert forsvar, dei har scora på straffe, og dei har scora i tråd med Bradley sitt signaturtrekk: å strekke forsvaret til motstandaren ut mot den eine kanten, for så å spele gjennom ein mann på løp sentralt. 0-2-målet mot Lillestrøm kom på nøyaktig den måten.

Bradley er altså ein trenar som får utteljing for sine taktiske grunnprinsipp. Det gjeld også måten laget pressar på. I år ser ein meir av det Bradley verkeleg er kjend for: fleksibelt press som forplantar seg i ulike sonar på ulike tidspunkt i kampen.

Dette er ei forklaring på kvifor det er vanskeleg for motstandaren å demme opp for Stabæk.

Berre flaks?

Det fleksible presset er også ein del av forklaringa på kvifor Stabæk har slept inn færrast mål i årets eliteserie. Dei har heller ikkje slept inn mål før pause i nokon av kampane.

No skal det seiast at laget har hatt marginane med seg, særleg mot Vålerenga og Tromsø, men, som Lars Tjærnås sa det på Twitter: «Flaks er dyktighetens storebror.»

Sigeren mot Sandefjord illustrerte dette. Det låg liksom i korta at Stabæk skulle vinne. Sandefjord gjekk inn i kampen med fire tap på rad, Stabæk med fem sigrar på rad. Berre flaks? Neppe, det handlar også om dyktigheit. For medan Sandefjord har vore dyktige til å styre kampar i form av ballinnehav, har Stabæk vore dyktige til å vinne dei.

Det som ofte har vippa marginane i Stabæk sin favør, er ei formidabel evne til å vinne avgjerande duellar. Dei har ikkje den mest drilla forsvarsfiraren i eliteserien, men kompenserer med ei oppofrande innstilling.

Før sesongen trakk Bradley fram Nicolai Næss som ein spelar å sjå opp for. Han er ein av dei som har stått fram i forsvaret når det har blese som verst, og som regel fått kasta fram den ekstra lange tåa som er skilnaden mellom scoring for motstandaren eller ikkje.

Vi skal heller ikkje gløyme keeper Mandé Sayouba, som på akrobatisk vis har redda Stabæk ved fleire høve. At han nyleg slo klubbrekorden til Jon Knudsen for flest minutt utan baklengsmål, seier sitt.

Rutine gir resultat

Marginar eller ikkje: ting har unekteleg endra seg i Stabæk-leiren etter at Bradley tok over laget. I 2013, då Stabæk rykka opp frå OBOS-ligaen, slepte dei inn 46 mål. Det var 22 mål meir enn Glimt og 15 meir enn Hødd, dei næraste utfordrarane.

Den trenden heldt seg i fjorårssesongen, då dei hadde 52 baklengsmål, 6 over snittet. Men ein skal hugse på at Bradley var heilt fersk då, ikkje berre i Stabæk, men i norsk fotball. Det tek gjerne ein sesong å køyre inn ein ny fotballfilosofi.

Kontrasten til forgjengaren, Petter Belsvik, er merkbar. Stabæk-jobben var hans første som hovudtrenar. Kjennskap til klubben og norsk fotball gjennom ei lang spelarkarriere var unekteleg ein fordel, men samanlikna med Bradley – som fekk sin første trenarjobb som 22-åring (!) – var trenarmerittane til Belsvik nokså puslete.

Det er i krisetider at kløktig leiarskap verkeleg betaler seg. Eg vil påstå at rutinen til Bradley har vore heilt avgjerande for at Stabæk har gjort det så bra, til trass for store endringar i troppen.

Han er ein trenar som klarer å setje sitt stempel på ein heil klubbkultur, med den fordel at nye spelarar blir hurtig integrert. Den faktoren har vore livsviktig.

Rutine mot nykomling var også ei ramme rundt kveldens kamp. Lars Bohinen har sin første sesong som trenar i eliteserien. Laget hans har vist mykje potensiale, men på eit tidspunkt må det ungdommelege overmotet også betale seg i form av innkasserte poeng.

Med verda som rekrutteringsarena

I forkant av fotball-VM 2010 sa Bradley til amerikansk presse at han ikkje var oppteken av å finne dei 11 beste enkeltspelarane, men å bygge det optimale laget.

Denne filosofien har han teke med seg til Stabæk. Med skrinne økonomiske ressursar til rådigheit, var det få som trudde han kunne lukkast.

No ser det ut til at han likevel har klart det han håpa på før sesongstart, at Stabæk skulle stå fram som eit meir komplett lag. Det har dei så langt gjort, ikkje minst takka vere smarte signeringar av Bradley.

Utan hans globale oversikt hadde klubben fått has på spelarar som Cole Grossman (USA), Giorgi Gorozia (Georgia), Kamal Issah (Ghana) og Yassine El Ghanassy (Belgia). Desse fire har vore avgjerande for Stabæk, både med tanke på spisskompetanse og breidde i troppen.

For ikkje å snakke om Adama Diomandé, som Bradley snappa frå Dinamo Minsk rett før overgangsvindauget stengde. Ikkje like globalt, kanskje, men minst like smart. Etter hat-tricket mot Sandefjord står han med fem mål denne sesongen, to meir enn toppscoraren til Godset.

Den store motivatoren

«Vinnarvilje, begjær etter suksess, iveren etter å nå ditt fulle potensiale…dette er nøklane til meistring på høgt nivå», hevda den kinesiske filosofen Konfucius. Sitatet kunne glidd rett inn i Bradley-evangeliet.

For i tillegg til den taktiske klokskapen, er Bradley ein eineståande motivator. Han får spelarane til å springe litt meir, takle litt oftare, ofre litt ekstra; kort sagt, maksimalisere innsatsen. Mjøndalen er eit anna døme som syner at ein kjem langt med slike kvalitetar i årets eliteserie.

Ein motiverande trenar er nok særleg viktig for eit ungt lag som Stabæk, som ikkje har flust med erfarne innpiskarar på banen.

Fleire av Stabæk-spelarane, deriblant Ernest Asante, har uttalt at det er eit privilegium å spele for Bradley. Då han feira det briljante 2-0-målet mot Sandefjord, peika Asante mot himmelen. Det var nok ikkje Bradley han hylla akkurat då, men det er noko smått guddommeleg ved Bradley, som om personlegdomen og nærværet hans er nok til å lokke fram uvanleg mykje frå ein spelarstall som i utgangspunktet såg tynn ut.

Stor fisk, liten dam

Dette er slett ikkje rart. Med unntak av ein mann ved namn Roy er Bradley utvilsamt den største utanlandske trenarprofilen som har vore innom norsk fotball. Dette er både ein fordel og ei ulempe for Stabæk med tanke på framtida.

For Bob Bradley er ein stor fisk i ein knøttliten dam, og han har tydeleg signalisert at han kjem til å forlate Stabæk så snart det kjem eit bra tilbod frå ein større klubb i ein større liga. Det store spørsmålet er korleis den situasjonen vil slå ut i andre halvleik av sesongen, når spekulasjonane om framtida hans berre kjem til å auke.

Vi må vente til hausten med å finne ut om det blir ekstase eller apokalypse for Stabæk.

Så langt tydar det meste på at Bradley-evangeliet kjem til å skrivast med gullskrift.

Siste nytt

  • Torsdagens utfortrening også avlyst

    Torsdagens planlagte gjennomkjøring av utforløypa i Lake Louise måtte avlyses. Arrangøren vil spare på traseen til helgens øvelser. Også onsdag ble utfortreningen avlyst fordi snøen som falt tidligere i uken hadde gjort traseen for bløt.

    jansrud
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix
  • FIS lar russerne gå verdenscup

    De seks russiske langrennsløperne som er livstidsutestengt fra OL av IOC, får gå verdenscupåpningen i Ruka i helgen. FIS' dopingpanel vil avvente bevismateriale fra IOC før det eventuelt ønsker å utestenge utøverne, skriver de i en pressemelding.

    Belog og Legkov
    Foto: Pierre Teyssot / Afp
  • Bekreftet: Thoresen til Russland

    Storhamar bekrefter på sine nettsider at Patrick Thoresen vender tilbake til SKA St. Petersburg i KHL. – Vi ønsker Patrick masse lykke til i jakten på sitt 3. Gagarin cup-trofe, skriver klubben. Han spiller sin siste kamp for Storhamar på søndag.

    Hockey Classic: GET-Ligaen: Lillehammer - Storhamar
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Europa League: Rosenborg - Real Sociedad