I Montreal var bergensaren heilt suveren og slo nærmaste konkurrent Matthew Sharpe med over minuttet.
– Det var godt å kjenne at kroppen fungerte i dag. Sykkel og løp var heilt konge, sa han til nettstaden 3atlet.no.
Etter symjinga låg han på 10.-plass, 15 sekund bak teten.
– Eg fekk ein litt sein start, men klarte å hente meg bra inn igjen, sa Blummenfelt.
Men på sykkeldelen hadde han beste tid, og låg likt med Eric Lagerstrom framfor løpsdelen.
Der var Blummenfelt i særklasse, og slo nestemann med over eit halvt minutt. I mål var han 1.14 minutt føre Sharpe, og ytterlegare tre sekund føre Lagerstrom.
– Utklassing
Blummenfelt fekk dermed vise at han er i knallform ti dagar før den olympiske triathlon-konkurransen i Rio 18. august, sjølv om fleire av dei beste ikkje stilte opp i Montreal.
– Dette er utklassing, seier sportssjef Arild Tveiten.
Blummenfelt kjem frå tre veker med høgdetrening i Arizona. – Kroppen til Kriatian gav dei signala vi forventa, og vi fekk dei svara vi håpa på, seier Tveiten.