NRK Meny
Normal

Fryktar han har sendt favorittlaget ned

Bergensaren Gudmund Kongshavn fryktar at han stod for redninga som kan ha sendt Brann ned i førstedivisjon.

Gudmund Kongshavn mot Brann

BLANDA KJENSLER: Kampen mot Brann i går kveld var spesiell for Sarpsborg-målvakt Gudmund Kongshavn. No fryktar Brann-supportaren at han har sendt raudtrøyene ned i 1.divisjon, etter å ha redda eit skot frå Marcus Pedersen etter 71. minutt.

Foto: Astrid M. Nordhaug / Digitalsport

Marcus Pedersen med sjanse mot Sarpsborg

STOR SJANSE: Marcus Pedersen kom seg fri men frå ti meter klarte han ikkje overlista Sarpsborg-målvakt Gudmund Kongshavn. Minuttet seinare utlikna bortelaget til 1-1.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Eg tenkte der og då at det kan ha vore redninga som gjer at Brann går ned, seier Sarpsborg-målvakt Gudmund Kongshavn til NRK etter kampen i går kveld.

Kongshavn har sterke kjensler for raudtrøyene men var i går med på å forverra Brann-krisa ytterlegare. Sarpsborg 08 tok med seg alle poenga frå Brann Stadion.

Og 19 minutt før slutt på stillinga 1–0 til Brann, kom redninga målvakta aldri kjem til å gløyma. Brann-spiss Marcus Pedersen kom seg fri i feltet, men Kongshavn sørga for at ballen ikkje hamna mellom dei to stengene.

– Glad for å vinne

Etter redninga går så Sarpsborg rett i angrep og utliknar. Få minutt seinare hadde bortelaget snudd kampen.

– Ein fotballspelar er jo alltid glad for å vinne. Men samstundes har eg vore Brann-supporter heile livet, så det er litt trist også, seier Kongshavn som er på lån frå Vålerenga.

Han har følgt med på skrekksesongen til Norling og co.

– Eg tykkjer synd i dei. Eg har sett dei fleste kampane i år, og dei har verkeleg hatt mykje uflaks. Stang ut, tverrleggar ut og sjølvmål. Dei har fått heile pakka. Brann høyrer heime heilt der oppe, og eg håpar verkeleg dei klarar å berge plassen.

Eitt poeng bak

Og Brann har tre kampar att å gjera det på. Etter tapet i går ligg dei eitt poeng bak Sogndal på kvalifiseringsplass, men sogndølene har ein kamp mindre spelt. Søndag møter dei Sandnes Ulf borte. 2. november kjem Sogndal til Brann Stadion, men då kan bergensarane allereie vera fortapt.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel