– Litt uverkeleg, det har ikkje heilt gått opp for oss.
Slik beskriv Per Harald Larsen kjensla i dag, dagen då sir Alex Ferguson sluttar som manager i Manchester United. Larsen er klubbsekretær i Manchester Uniteds skandinaviske supporterklubb.
– Vi har jo visst at dagen måtte komme, men vi har prøvd å skyve den litt frå oss, seier han.
SJÅ OGSÅ VIDEO NEDST I SAKA
Vil sjå tilbake
Sir Alex Ferguson har vore sjef i Manchester United sidan 1986. I denne perioden har Manchester United vore dominerande i England, og vunne 13 ligagull. I tillegg har dei mellom anna vunne FA-cupen fem gongar og Champions League to gongar.
(Artikkelen held fram under biletet)
For mange blir det spennande å sjå kva som skjer med klubben framover. Det er mange spørsmål rundt kven som blir ny manager, og korleis klubben vil reagere på å ha ein annan i sjefsstolen, etter 26 år med Ferguson.
Per Harald Larsen ønskjer også å sjå tilbake på tida skotten har hatt i klubben.
– Først og fremst vil vi bruke denne dagen til å sjå tilbake og hylle Ferguson for det utrulege arbeidet han har gjort for Manchester United. Eg trur det vil ta nokre år før vi verkeleg klarer å verdsetje det han har gjort, seier han.
Skulkar skule for sir Alex
I Manchester United sin supporterbutikk i Bergen har det kome mange kundar i dag. Dei vil kjøpe drakter, og billettar til den siste ligakampen der Ferguson skal leie laget på Old Trafford, førstkomande Sundag.
Henrik Tjore var på skulen då han fekk beskjeden om at Ferguson sluttar som manager. Då gjekk han frå skulen, og rett til supporterbutikken. Der kjøpte han ei ny drakt, for å hylle den erfarne manageren.
– På drakta skal eg ha namnet hans, og tal på trofé han har fått og kor mange år han har vore i klubben, fortel han, og seier at det har vore ein tung dag.
– Eg er fødd i 1991, og har vakse opp med at han har vore sjef i United, så det er trist.
Ingen tru på comeback
Ferguson har passert 71 år, og ein har visst at tida nærma seg for at Ferguson skulle slutte. Likevel har det vore få rykte om at det skulle skje akkurat denne våren, og Per Harald Larsen vart overraska då beskjeden kom.
– Det kom så overraskande som Ferguson ville at det skulle komme, seier han.
Sjølv om Ferguson no sluttar som manager, trur ikkje Larsen at han vil kutte alle band med Manchester United.
– Eg ser føre meg at han blir ein sjuande far i huset, og at han framleis vil vere ein del av klubben. Men eg trur ikkje vi får noko comeback, seier Larsen.