Bislett Games 16. juni neste år

Neste sesongs Diamond League i friidrett skal omfatte 14 stemne frå mai til september. Datoen for Bislett Games er torsdag 16. juni.

Kalendaren blei offentleggjort i dag, og fortel at DL-sesongen opnar i Doha 13. mai. Finalen går over to dagar i Zürich 7. og 8. september.

Dette er Diamond League 2022:

*13. mai Doha

*21. mai Birmingham eller London

*28. mai Eugene

*5. juni Rabat

*9. juni Roma

*16. juni Oslo (Bislett Games)

*18. juni Paris

*30. juni Stockholm

*30. juli Shanghai

*6. ausgust Kina (by enno ikkje bestemt)

*10. august Monaco

'26. august Lausanne

*2. september Brussel

*7.-8. septmber Zürich

VM skal gå i Eugene i USA frå 15. til 24.juli.

Friidrett, Diamond League, Bislett Games 2018, Bislett Stadion
Foto: Vidar Ruud / NTB

Sportsnyheter

Messi fikk Gullballen for sjuende gang: – Det er utrolig å være her i kveld

Gullballen gikk til Lionel Messi. Superstjernen sikret sin sjuende Ballon d'Or under mandagens prisutdeling. Ingen har vunnet prisen oftere enn argentineren.

Siste nytt

  • Squash-VM avlyst pga. Israel-nekt

    Årets lag-VM i squash er avlyst fordi vertslandet Malaysia nektar Israels lag å reise inn i landet.

    Det opplyser Det internasjonale squashforbundet (WSF). Turneringa for menn skulle blitt avvikla frå 7. til 12. desember i hovudstaden Kuala Lumpur.

    President i WSF, Zena Wooldridge, opplyser at forbundet har prøvd å påverke styresmaktene i Malaysia for å sikre at også Israel får delta.

    Det er fleirtal av muslimar i Malaysia. Der er det generelt sympati for palestinarane i konflikten med Israel.

    I 2019 blei Malaysia fråteke VM i svømming for parautøvarar fordi styresmaktene trua med å nekte innreise for utøvarar frå Israel.

    Scott Macartney Andrew Weinbrecht, squash
    Foto: Nathan Bilow / AP
  • Publikumsavgrensing under VM

    Arrangøren satsar på opp til 80 prosent av tilskodarkapasiteten under handball-VM.

    – 80 prosent, svarer VMs pressesjef José Antonio Hurtado på NTBs spørsmål om kor mange som slepp inn på tribunane.

    Det kan komme til å endre seg. Styresmaktene i Valencia-regionen (der Noreg skal spele) vedtok måndag å påleggje koronapass-sjekk mellom anna for besøk i barar og restaurantar, kino og konsertar. Det er venta at også idrettsarrangement vil falle inn under same protokoll.

    Koronapass-kravet vil truleg gjelde frå slutten av denne veka.

    Noreg spelar puljespel og hovudrunde (totalt seks kampar) i Castellón. Der vil det maksimalt kunne komme inn 4100 tilskodarar så lenge 80-prosentprinsippet gjeld.

    Håndballpublikum
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Svensk sensasjon tapte VM-finalen

    19 år gamle Truls Möregårdh måtte gi tapt for verdenseinaren Fan Zhendong frå Kina i finalen i bordtennis-VM.

    Svensken leidde i fleire av setta, men kinesaren kom tilbake kvar gong og vann. Settsifra blei til slutt 11-6, 11-9, 11-7, 11–8.

    – Eg tapte ikkje eit gull, eg vann eit sølv, sa Möregårdh til SVT Sport.

    Før VM var svensken rangert som den 77. beste spelaren i verda. Han tok seg til sin første seniorfinale ved å slå den tyske veteranen Timo Boll i semifinalen.

    Truls Möregårdh
    Foto: Tim Warner / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal