Så ille har det ikkje vore sidan 2009/10-sesongen – den første med dagens format i europaligaen.
Den sesongen var også FCK det einaste skandinaviske laget. Også då var svenske og norske lag utradert.
– Det er må marginar, seier FCK-trenar Ståle Solbakken. – Men det har nok litt med erfaring å gjere. Når ein er blitt van med det, er det også lettare å få marginane på si side, seier Solbakken.
FC København har vore i ei av dei europeiske turneringane i ti av dei siste elleve åra. Berre i fjor greidde dei ikkje å vere med.
Marginar
– Derfor var det ekstra viktig for oss å kome tilbake no, slik at vi ikkje misser den rutinen vi har greidd å opparbeide.
– Er det andre grunnar til at verken norske eller svenske lag er med i år, slik du ser det?
– Det har nok med marginar å gjere. Rosenborg var ikkje langt unna, ikkje IFK Göteborg heller. Sønderjyske var berre fem minutt frå å slå ut Sparta Praha. Og konkurransen er veldig stor. Malmö, som også har mykje rutine i Europa, vart berre nummer fem i Sverige i fjor, og var ikkje eingong i kvaliken.
Endå verre om to år
– Mange klubbar slit også med stabiliteten, og å ha økonomi til å byggje stein på stein, seier Solbakken.
Om to år blir også nålauget inn til meisterligaen endå trongare. Før helga vedtok UEFA at endå fleire plassar i gruppespelet skal vere øyremerka dei beste nasjonane. Dermed blir det endå færre plassar å kjempe om for mellom andre dei skandinaviske landa.
– Det kan det. Det var vi også redd for før årets kvalik, seier han.
FCK skal møte Brugge, Leicester og Porto i gruppespelet.
– På heimebane skal vi vere gode nok til å slå kven som helst.
– Prioriterer ikkje godt nok
NRK-ekspert Karl-Petter Løken trur at det er litt tilfeldig at det er så dårleg akkurat i år, men er likevel uroleg over utviklinga.
– Det er urovekkande når vi ikkje er med, fordi då blir seedinga dårlegare, og det blir endå vanskelegare i framtida, seier Løken.
– Det er også ille når det ser ut som om norske lag ikkje prioriterer kvalifiseringskampane til dei europeiske turneringane godt nok.
– At det blir ramaskrik når Rosenborg får flytta ein kamp mot Viking for å førebu seg til ein kvalik-kamp, er eit faresignal.
– Det er internasjonal matching som må til for å heve nivået. Når Rosenborg, som er så suverent best her heime, ikkje maktar å slå eit lag som er nummer tre i Austerrike, er det eit faresignal, og eit signal om at konkurransen er tøffare, seier Løken.