Berget kan ha avgjort gullstrid
Jo Inge Berget stod for kampens einaste mål då Malmö vant 1–0 over Kalmar søndag. Bergets lag sikrar seriegullet dersom AIK og Elfsborg spelar uavgjort måndag.
Serietoar Djurgården snubla heime mot Varberg tidlegare på dagen, og dermed kunne Malmö ta eit godt grep om ligatittelen med siger borte mot Kalmar.
Det tok si tid, men i det 83. minutt kom vinnarmålet, signert Berget. Nordmannen fekk eit innlegg i boksen og var iskald i avslutningsaugneblinken. Ein flott touch og ei roleg avslutning med utsida av foten gjorde at Berget og Malmö kunne sleppe jubelen laus til slutt.
– Det var godt å setje den. No har vi gjort vår del av jobben, så får vi sjå korleis det blir i morgon, sa Berget til Discovery Plus. Han starta på benken, men blei bytta inn vel halvvegs i 2. omgang.