– Eh nei. Viss det vert OL på Dombås i 2022, så skal eg heller fortsetja til då, flirer Berger.
– Ole Einar er spesiell på sin måte
32-åringen er på line med mange andre imponert over skiskyttarkongen som tidlegare denne veka fortalde at han tek to nye år.
– Ikkje alle er som Ole Einar, han er spesiell på sin måte – trur ikkje eg hadde klart å satsa skiskyting til eg var 42 år. Motivasjonen og viljen han legg i idretten, er imponerande.
Berger, som var overlegen i verdscupen i fjor og vann med over 300 poeng, leiar cupen med fattige seks poeng på Darja Domratsjeva før dagens sprint i slovenske Pokljuka.
– For meg er ikkje karrieren over før sesongen er over. Det er framleis tre veker igjen pluss NM.
Sliten etter OL
Samanlagtsigeren var ikkje eit mål for 32-åringen før sesongen, men det er det no.
– Ein må stadig setja seg nye mål – no har eg noko å jobba mot etter OL, seier Berger, som har vore sliten etter leikane i Sotsji.
– Eg har prøvd å henta meg inn att. I OL hang eg litt etter fysisk, men eg håpar langrennsformen er betre no.
Tiril Eckhoff (23), som overraska mange med bronse på fellesstarten i Sotsji, har for lengst gjeve opp håpet om å overtala Berger til å fortsetja.
– Ja, ho får ta det valet sjølv, men det er sjølvsagt synd for skiskyttarjentene.
Eckhoff har ikkje problem med å motivera seg etter oppturen i OL.
– Eg er klar for å få til nokon gode skirenn på slutten av sesongen.