Hopp til innhold

– Klarte det på rein vilje og styrke

Ankerkvinne Tora Berger retta opp ein treig norsk start på VM-stafetten, og kapra til slutt bronsemedalje for jentelaget i Ruhpolding.

Tora Berger skaffet norsk bronse

VIDEO: Sjå Tora Berger kapre VM-bronse på stafetten i Ruhpolding!

Norge brukte totalt tolv ekstraskot.

Tyskland vann stafetten framfor eit ellevilt heimepublikum. Frankrike kunne juble for sølv.

– Det er rein vilje og styrke som gjør at eg klarte dette i dag. Eg hadde veldig lyst til å prestere noko med lagvenninnene, seier Berger etter målpassering.

Fekk kjenne presset

Berger gjekk ut på fjerdeetappe som nummer fem, og var eitt minutt og tre sekund bak leiande Tyskland.

Med det starta gulljentas jakt på medalje, noko ho fekk kjenne på kroppen.

– Eg var uroleg då eg gjekk ut. Det var vanskelege forhold. Eg mista til og med eit ekstraskot på liggande skyting, men det gjekk bra.

Den påfølgande sisteskytinga i ståande gjekk også bra, og plutseleg var bronsemedaljen innan rekkevidde.

Den kampen måtte ho ta med lynraske Daria Domratsjeva frå Kviterussland.

– Eg tenkte at om eg klarte å halde ryggen til Domratsjeva i oppoverbakkane, skulle eg ta ho i nedoverbakken før mål, gliser Berger.

Artikkelen held fram.

Stafett

Smørblide skisktyyarjenter etter å ha sikra bronsemedalje på stafetten i Ruhpolding. Frå venstre: Synnøve Solemdal, Elise Ringen, Tora Berger og Fanny Welle-Strand Horn.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Ringen: – Heilt «shaky» no

Og då den kviterussiske skiskyttarprofilen med spisskompetanse i langrennsporet var rista av, kunne lagvenninnene endeleg puste letta ut.

– Eg er heilt «shaky» no! Eg veit ikkje kva eg skal seie. Tora var heilt rå på slutten, seier lagvenninne Elise Ringen.

– Det var nervepirrande. Det hadde vore mykje betre å gå i sporet sjølv på det tidspunktet, seier Synnøve Solemdal.

– Når skjønte du at bronsen var sikra?

– Ikkje før Elise skreik då ho såg Tora komme inn på oppløpet. Domratsjeva er jo ein bra langrennsløpar, men Tora er jo rå på sisterunden, seier Solemdal.

Gjekk frå tolvte til tredje

Til stor heimejubel plaffa Andrea Henkel ned fem blinkar på liggande skyting på siste etappe.

Berger gjorde ein bom, men taff på første ekstraskot. På siste standplass var Henkel stødig igjen og skaut Tyskland til VM-gull med fullt hus.

Også Berger feia ned alle blinkane.

Fanny Welle-Strand Horn måtte ty til ekstraskot på både liggande og ståande skyting på førsteetappen, men unngjekk tidlege norske strafferundar.

Ved første veksling var Norge nummer tolv, litt over minuttet bak Tyskland.

Artikkelen held fram.

Henkel

Magdalena Neuner måtte gå strafferunde for Tyskland, men Andrea Henkel (biletet) skaut feilfritt og sikra tysk gull framfor titusenvis av heimetilskodarar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Neuner måtte ut i strafferunde

Skiskyttarstjerna Magdalena Neuner skaut tyskarane til ei strafferunde etter tre bom på ståande.

Ho heldt likevel stand i toppen ved å vere kjapp i sporet.

Også Elise Ringen heldt Norge unna strafferundar og sende Synnøve Solemadal ut som nummer fem. Solemdal bomma på sine tre første skot på ståande skyting, men henta seg flott inn og traff på dei fem neste.

Sportsnyheter

Ville jubelscener etter norsk superstafett: – Hva skjedde nå??

For første gang på 100 år er et norsk lag klare for OL på en lagøvelse i friidrett. Etter målgang ble ankerkvinne Henriette Jæger «overfalt» av lagvenninnene.

Siste nytt

  • Ventetiden over for PSV Eindhoven – tok sitt første ligagull på seks år

    PSV sikret sitt første seriemesterskap i nederlandsk fotball siden 2017/18-sesongen da Sparta Rotterdam ble beseiret med 4-2 søndag.

    Etter seieren skiller det nemlig 12 poeng ned til regjerende seriemester Feyenoord på 2.-plass, med bare tre kamper igjen av sesongen.

    Tobias Lauritsen spile hele kampen for Sparta Rotterdam, mens Joshua Kitolano ikke var i troppen grunnet en skade.

    Ligagullet var PSVs 25. i æresdivisjonen. Bare Ajax har flere ligatitler med sine 36 triumfer. (NTB)

    Luuk de Jong
    Foto: AFP
  • Jensen-dobbel ikke nok for Real Sociedad

    Synne Jensen noterte seg for to scoringer, men Real Sociedad tapte likevel 3-4 borte mot Levante i spansk kvinnefotball søndag.

    Scoringene var Jensens 12. og 13. for sesongen, hvilket sender henne hun opp på delt 4.-plass på toppscorerlisten, fem mål bak Caroline Graham Hansen på topp.

    Real Sociedad ligger på 9.-plass på tabellen og er helt akterutseilt i kampen om europaspill neste sesong. Det skiller 22 poeng opp til Atlético Madrid på 3.-plass, som innehar den siste kvalifiseringsplassen til Champions League. (NTB)

    Synne Jensen
    Foto: Annika Byrde/NTB / NTB
  • Norsk stortap i åpningskampen i J17-EM

    England ble flere hakk for store i den første kampen i gruppespillet i J17-EM søndag.

    Allerede etter elleve minutters spill ledet England 2-0 og hadde etter det god kontroll på kampen.

    Like etter pause scoret Lola Brown Englands tredje mål, et mål som også ble kampens siste. Dermed endte kampen 3-0 til England.

    J17-EM arrangeres i Sverige. Norge spiller mot Frankrike på onsdag, før gruppespillet avsluttes mot Sverige på lørdag.

    Norge J17

Sendeplan

Kl. Program Kanal