Bekrefta: Breen til Tour de France
Vegard Breens lag, Fortuneo-Vital Concept, bekreftar på sin Twitter-konto at nordmannen vert å finna på startstreken i årets Tour de France. 26-åringen debuterer med det i verdas største sykkelritt.
Med fire poeng opp til kvalifiseringsplass var Strømsgodset i poengjakt då dei møtte Fredrikstad i Eliteserien, søndag.
Men med 0-3-tap heime, kan det bli tøft å sikre eliteseriekontrakt.
Etter jamspelt kamp med sjansar begge vegar, tok FFK leiinga i det 67. minutt. Oskar Øhlenschlæger sette hovudet i ballen og styrte inn 1-0.
Like etter banka Ulrik Fredriksen 2-0 i krysset. Henrik Skogvold auka til 3-0 kort tid seinare. Bryne spelte 2-2 mot Rosenborg laurdag, og med siger over FFK ville Godset berre vore to poeng bak med fem kampar att av sesongen. I staden er avstanden fem poeng. (NRK/NTB)
Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.
Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.
I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.
Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.
(NTB)
Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.
Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».
«Uspiselig» kallar Grundetjern det.
I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».
– Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.
Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.
– Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.
– Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.
Kl. | Program | Kanal |
---|