– Det er litt surrealistisk. Det var verkeleg ikkje dette eg hadde sett for meg.
Hopptalentet Benjamin Østvold starta ei kronerulling på sosiale medium i håp om å få økonomisk hjelp til å satse på heiltid.
– Tanken var at det skulle appellere til venner og familie, men eg la det òg ut på Twitter og Instagram, der eg har nokre internasjonale følgjarar.
Det viste seg å vere lurt.
Polakkar spyttar inn pengar
20-åringen har nemleg hatt ei høg stjerne i Polen etter at han vart den første til å hoppe 150 meter i stor bakke i landet, då han sette utfor storbakken i Zakopane i mars.
– Det var så mykje trykk i lufta. Eg har aldri opplevd noko liknande. I ein liten periode var eg litt redd for at dette kom til å gå altfor langt.
Sidan hoppet skjedde i prøveomgangen, vart det oppført som ein uoffisiell rekord, men det tok ikkje lang tid frå telemarksnedslaget var gjennomført, til telefonen byrja å vibrere.
– Det vart ekstremt mykje styr i Polen sidan eg var den første som hadde hoppa så langt, seier han og legg til at det vart litt overveldande at «alle» skulle ha tak i han:
– Eg er ikkje vand til den merksemda, men det var jo litt gøy. Det viste òg at eg kan hoppe på eit veldig høgt nivå.
Og ein ting er sikkert. Det polske folket har ikkje gløymt nordmannen.
– Halvparten av det eg har fått inn er frå Polen, seier Østvold som også fortel at han nyleg vart kontakta av polsk media som hadde fanga opp kronerullinga.
Totalt har han fått inn i overkant av 8000 kroner, og pengane held fram med å komme inn. Sakte, men sikkert.
Satsar ved sida av jobb
Enn så lenge kombinerer han toppidrettssatsinga med ein 7-15-kvardag på ein fabrikk i Raufoss.
– Eg står opp halv fem kvar dag og får inn ei treningsøkt før jobb. Etter jobb et eg, slappar litt av og tek ei ny økt, seier Østvold og legg til at han føler seg heldig som har ein lite fysisk krevjande jobb.
– Optimalt er det ikkje, men det går, og eg merkar framgang i resultata.
Under prøveomgangen er det berre eitt kamera som filmar. Østvold fortel at han febrilsk har leita etter ein video av hoppet i sin heilskap, men at han ikkje har funne det.