Atletico og Inter trekkjer seg
Spanske Atletico Madrid og italienske Inter er no også offisielt ute av superligaen. Begge klubbane stadfestar dette onsdag ettermiddag. Dermed er åtte av 12 klubbar utmelde.
Atletico viser til fansen, og skriv at dei ikkje vil trasse fansen, "den raudkvite familien", og vil at "sportslege fordelar må vinne over andre kritera".
Inter meldee seg formelt også ut i føre miiddag, etter at det italienske nyheitsbyrået ANSA allereie i natt skreiv at superligaen ikkje lenger var interessant for klubben når dei seks engelske klubbane hadde meldt seg ut.