– Eg håpar og trur at Wada seier at Russland må gi tilgang til informasjonen først, før Rusada (Russlands antidopingorganisasjon) igjen kan vere med igjen i antidopingarbeidet.
– Russland har enno ikkje imøtekome krava, dei har berre gitt ein lovnad om at det skal skje, slik eg oppfattar det, seier Anders Solheim til NRK.
Solheim er dagleg leiar i Antidoping Norge.
Wadas kontrollkomité CRC har tilrådd at Wada på sitt styremøte torsdag skal ta inn att Russlands antidoping-komité (Rusada), etter at landet har vore utestengt sidan 2015.
Grunngivinga er at CRC meiner dei har fått gode nok lovnader på at Russland vil imøtekome dei to avgjerande krava:
- Fullt innsyn i rapportar og prøver frå dopinglaboratoriet i Moskva
- Erkjenning av statleg styrt doping av idrettsutøvarar, slik det har kome fram i den såkalla McLaren-rapporten.
Antidoping Norge er blant dei mange som har reagert på CRC-konklusjonen, og på at det ser ut som om Russland allereie om få dagar kan bli fullverdig Wada-medlem igjen.
– Kva med McLaren-rapporten?
– Vi har heile tida kravd at Russland må erkjenne den rapporten. Vi stiller spørsmål ved om det som har skjedd, faktisk inneber det.
Overraska
CRC tok avgjerda etter eit brev som Russlands sportsminister Pavel Kolobkov sende sist torsdag. Fredag vedtok CRC å ta Russland inn att.
– Vi er overraska over konklusjonen deira, og at dette kom no rett framfor styremøtet i Wada. Derfor er det vanskeleg å ha drøftingar om korleis ein skal handtere denne situasjonen.
CRCs tilråding har skapt sterke reaksjonar også internasjonalt. Teksten i meldingane frå Russland kan tyde på at dei ikkje imøtekjem krava godt nok, og at det er eit knefall for Russland.
Dette tilbakeviser Wada. Dei meiner at Russland no er i ferd med å imøtekome alle krava som blei nedfelte i det såkalla vegkartet for russisk samarbeid i januar i fjor.
– Har følgt korrekt prosess
WADA-president Craig Reedie slår fast at Rusada må halde det han meiner dei no har lova, men kan gå med på å ta dei inn igjen.
– Vi har følgt den korrekte prosessen, Craig Reedie.
Eitt av dei krava er at Wada får ein uavhengig og full tilgang til alle rådata, står det i svaret frå organisasjonen.
Trekte seg i protest
Becky Scott – ein av seks medlemer i CRC – trekte seg søndag frå komiteen i protest mot tilrådinga.
Langrennsløparen frå Canada fekk sjølv OL-gull i 2002 etter at dei to russarane som var framfor henne på lista, blei dømde for doping og diska.
Reaksjonane er ikkje uventa sterkast frå USA. Edwin Moses er tidlegare dobbel OL-gullvinnar og no president til USAs antidopingbyrå. Han seier det slik:
NRK har vore i kontakt med Linda Hofstad Hellenad, som er visepresident i Wada. Men ho vil ikkje kommentere saka i dag.