– Eg ser at dei beste Birkensekkene i dag liknar på vår. Det er dei same prinsippa, seier langrennsveteranen Anders Aukland til NRK.
I det NRK-sende Birkebeinerrennet må alle gå med ein sekk som skal vege minimum 3.5 kilo heile vegen. Det har fleire store sportsmerke gjort business av.
Temaet kom først opp i podkasten Skiklubben, der Emil Gukild fortel at han har gått til innkjøp av ein sekk som er skreddarsydd for Birken.
NRK-profilen vil ikkje avsløre prislappen, men:
– Den er dyr, konstaterer han.
Da svarer Aukland at ein sekk nødvendigvis ikkje treng å vere spesielt dyr.
Han og Tord Asle Gjerdalen har nemleg gått med ein heimelaga versjon i snart ti år.
«Vi skal sy sekk»
I podkasten fortel Aukland, som har vunne rennet fleire gonger, at ein god sekk for Birken er liten, tett og lett.
– Dei tar lite vind når du køyrer i høg fart. Du har akkurat plass til det du treng, og du ber mykje av vekta på hoftene, i staden for på skuldrene.
– Det var ikkje mange spesialsekker for seks, sju, åtte år sidan, konstaterer Aukland.
INNOVATIV: Tord Asle Gjerdalen i kjent stil. Han skal ifølge Aukland ha æra for sekken «alle» brukar i Birken.
Foto: NTB51-åringen røper at historia om den heimelaga sekken starta før Birkebeinerrennet i 2015. Det var Tord Asle Gjerdalen som hadde ideen og han sette Aukland og seg sjølv i sving under oppkøyringa på Sjusjøen.
– Eg kjem opp på hytta der vi bur. Der sit Tord Asle, som da var lagkompis med meg. Han seier: «Vi skal sy sekk», fortel Aukland og fortset:
– Ok, tenker eg. Eg hadde ein sekk eg synest var ganske god. Men da begynner vi med ein gammal tights, som vi klipper i to og tar kvart vårt bein.
TIGHTS OG BORRELÅS: Sekken er enkel, men «fantastisk» ifølge dei to skreddarane.
Foto: Anders AuklandOg med tights, borrelås, bly og stroppar syr dei saman «supersekken».
– Det er prototypen til den du har kjøpt nå. Dei har berre kopiert sekken til Tord Asle, seier Aukland til Gukild.
- Birken blir sendt på NRK TV og NRK Sport frå klokka 07.40 laurdag.
Vinnar-sekk
For sekken viser seg å bringe hell og lykke:
– Den går Tord og eg med, og det går bra. Sekken var fantastisk. Vi fekk hjelp til å sy opp fem–seks sekker til. Så nå finst det sju heimelaga, fortel Aukland.
Den heimelaga sekken har ikkje berre bringa suksess til skaparane.
– Andreas Nygaard har vunne Birken tre gonger. Han har faktisk vunne med den heimelaga sekken, som eg har vore med på å sy, alle gongene. Han kjem antakeleg til å gå med han på Birken i år òg, seier Tønsberg-mannen.
Her tar Nygaard sin tredje Birken-siger. Ser du sekken?
Utviklar eige utstyr
Hjernen bak sekken, Tord Asle Gjerdalen, fortel til NRK at han heile karrieren har leita etter forbetringspotensial i utstyret han bruker.
Han hevdar han også står bak prototypen til eit drikkebelte mange eliteløparar bruker i dag.
OPPFINNSAM: Dette drikkebeltet er berre ein av mange oppfinningar frå Tord Asle Gjerdalen.
Foto: Privat– Eg vil jo gjette på at alle (produsentane) som driv med den slags ser på det vi bruker og jaktar vidare for å finne løysingane sine på det. Når det gjeld det kommersielle, må du ta avveginga nytte vs. kostnad. Tinga som blir selde må vere litt annleis enn det eliten bruker. Vi liker å ha litt andre finessar og så vidare, seier Gjerdalen.
Han prøvde aldri å ta patent på sekken eller drikkebeltet.
– Du kjenner ikkje at du har gått glipp av mange millionar?
– Nei, eg vil heller seie at eg har øvd. Eg har øvd på fleire idear både når det gjeld stavar, drikkebelte og sekk. Eg har jo også fleire ting som ikkje blei nokon suksess, men som forhåpentleg kan vidareutviklast til å bli ein suksess etter kvart, svarer han.
Laurdag stiller både Gjerdalen og Aukland i Birkebeinerrennet på NRK – med kvar sin heimelaga sekk.