NRK Meny
Normal

Anders (33) slepp unna bluss-bot

Kan gløyme kravet om 40.000 kroner i bot etter at påtalemyndigheita bråsnudde.

NORGE - ALBANIA 0-1 (vm-kvalifisering)

Opp til 50 personer deltok i aksjonen under landskampen mellom Norge og Albania 22. mars. Bare Anders Johansen blei identifisert.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

 Anders Johansen

Anders Johansen nekta for å ha tent på bluss. No slepp han unna gigantkravet frå FIFA etter møtet mellom Norge og Albania.

Foto: Facebook

«Morgendagens rettssak mot Anders i forbindelse med pyroen mot Albania er i dag kansellert.»

«Aktor har sett videoen som viser at Anders er uskyldig.»

Tribunenorge.com skriv dette på sine Facebooksider sundag kveld. Det betyr at Anders Johansen slepp å møte i retten om bluss-bota han fekk krav om å betale etter møtet mellom Norge og Albania i mars.

Bare Johansen blei identifisert

Ifølgje Norsk Supporterallianse blei mellom ti og femten bluss tent på tribunen under kampen.

Ei gruppe norske supporterar stod bak tenninga av bengalske lys, men Anders Johansen frå Fredrikstad var den einaste som blei identifisert.

For dette ga FIFA Norges Fotballforbund ei bot på nesten 40.000 kroner for ikkje å ha sørga for god nok sikkerheit.

Heile kravet blei sendt vidare til Johansen, som no slepp unna det heile.

Blei oppringt av aktor

Måndag skulle saka eigentleg gått for retten, men nye videobevis har fått påtalemyndigheita til å endre meining.

Tribunenorge.com skriv også at Johansen blei oppringt av aktor sundag kveld. Han opplyste 33-åringen om at han slepp unna.

Siste nytt

  • Ajeti-mål i Allsvenskan

    Bajram Ajeti scoret for Brommapojkarna da de tapte 1–3 mot Malmö FF i et oppgjør i Allsvenskan mandag. Det er nordmannens andre mål denne sesongen.

    Ajetis lag ligger nest sist etter én seier på de fem første kampene.

    Bajram Ajeti
    Foto: Lillestrøm Sportsklubb
  • Seriemeister etter anke-avslag

    AEK er gresk seriemeister etter at PAOK i dag tapte anken etter banestorminga i mars.

    PAOK blei trekt 3 poeng etter at klubbeigaren demonstrerte mot ei dommaravgjerd ved å storme bana med ein pistol.

    No blir poengstraffa ståande, og AEK har 8 poengs leiing på PAOK med to kampar att.

    Ivan Savvides, PAOK-eier
    Foto: HANDOUT / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal