– Eg må jo vere så ærleg å seie at eg drog litt på smilebandet da eg las forslaget, seier Thomas Alsgaard.
Forslaget han snakkar om er innføring av eigne stake-soner i klassiske renn, som Dagbladet fyrst omtalte i går.
– Hadde ikkje alternativ på 80-talet
Alsgaard er dagleg leiar for langløpslaget Team Leaseplan. Om forslaget blir vedteke på FIS-kongressen i Mexico neste veke, meiner han det er å gå eit langt steg tilbake i utviklinga av langrennssporten.
– Det blir jo som å gå tilbake til 80-talet da dei innførte soner med skøyteforbod. Men den gongen hadde ein ikkje eit alternativ som ein har i dag med langløp, seier han til NRK.
Eit poeng som også verdas beste langrennsløpar Martin Johnsrud Sundby poengterte til Dagbladet i går.
– Dersom eit forbod som dette blir omfattande, vil det høgst sannsynleg føre til at dei som er mest innovative og utviklingsfokuserte blant utøvarane, kjem til å søkje mot langløp, og dermed forsvinne frå verdscupen, sa Sundby.
Derfor ser langløpssjefen Alsgaard også det positive i forslaget.
– Eg er jo einig i vurderinga til Sundby, løparar som er utviklingsretta og sterke i staking vil kunne søkje over til langløp. Derfor kan ei eventuell regelendring vere bra for langløp og kunne gje Ski Classics eit løft.
Northug: – FIS skyter seg sjølv i foten
NRKs langrennsekspert Fredrik Aukland trur heller ikkje stake-soner er vegen å gå for å behalde klassisk diagonalgang i verdscupen.
– Eg er skeptisk, det blir unaturleg å legge så store begrensingar på utviklinga. Dette er å bremse den og gå ti steg tilbake. FIS bør heller velje løyper som er tøffe nok til at løparane må bruke festesmøring. Det her vil gjere det for komplisert, meiner Aukland.
I forslaget heiter det at arrangørane ikkje er pålagte å innføre «stake-soner», men at regelendringa vil gje dei ulike arrangørane høve til å gjere det. Aukland meiner at FIS med det vil gje store fordelar til enkeltløparar.
– Da er FIS med på definere kven som blir favorisert. Om ein tek oppløpet i Drammen for eksempel, der det går slakt oppover, vil ein favorisere løparar som er best i diagonalgang. Eg meiner utøvarane framleis må få utnytte styrkene sine, seier Aukland.
Petter Northug er også skeptisk og er einig med Fredrik Aukland.
– Det blir sikkert vedteke, men FIS skyter seg sjølv i foten. I Lahti og Falun og på femmila i Kollen vil det aldri bli rein staking. Dei løypene er for tøffe til det. Der bør FIS legge klassiske løp, akkurat som det er heilt naturleg med skøyting i Toblach, seier Petter Northug til Dagbladet.