Han seier at det viktigaste trass alt var å få med alle til rennet laurdag, og det gikk godt med god margin.
Alle fire nordmennene er kvalifiserte for rennet i Midtstubakken.
- Men det var ikkje nokon god onmgang for vår del, og heile kvaliteten på rennet var heller dårleg, slo Kojonkoski fast.
108,5 meter
Gregor Schlierenzauer sette ein skikkeleg støkk i konkurrentane då han smelte til med 108,5 meter. Men det var berre i prøveomgangen.
Japanske Daiki vann kvalifiseringa framfor slovenaren Robert Kranjec, begge med 102 meter. Anders Jacobsen landa på 100 m i eit jamnt bra hopp. Johan Remen Evensen og Anders Bardal skuffa med 97 og 96,5 m, men er kvalifiserte for rennet laurdag.
Sjå Anders Jacobsens hopp:
- Men uansett går vi for medalje i VM på heimebane, sier sportssjef Clas Brede Bråthen til NRK.
Dermed enda Jacobsen på femteplass i kvalifiseringa, Bardal vart nummer 10 og Johan Remen Evensen 13 av dei som måtte kvalifisere seg til rennet.
66 hopparar deltok, av dei skal 50 hoppe rennet laurdag. Tom Hilde er førehandskvalifisert. Han hoppa i kvalifiseringsomgangen likevel, men landa på 94,5 meter.
- Det var langtfrå bnoko gost hopp frå mi side. Med klaff hadde eg hoppa mykje lenger, sjølv under dei forholda eg hadde, sa Hilde.
- Eg håpar vi kan få litt betre forhold i rennet i morgon, var Johan Remen Evensens diplomatiske kommentar.
- Møkkaforhold
For forholda var ujamne gjennom omgangen. Dei var gode i starten , men vart vanskelegare etterkvart. Det gjorde at kvalifiseringa vart grå og utan høgdepunkt.
- No er det vanskeleg over kulen. Møkkaforhold, sa ekspertkommentator Espen Bredesen mot slutten av kvalifiseringa.
Tåka som la seg tjukk over bakken i morgontimane fredag letta akkurat nok til at prøveomgangen kunne gjennomførast.
- Les:
- Men eg ser ikkje heile svevet enno, sa NRKs kommentator Arne Scheie då kvalifiseringa tok til. - Det er ikkje lett å sjå til kulen, la han til då tåka blei litt tjukkare nokre minutt seinare.
Men tåka heldt seg godt nok unna til at omgangen kunne avviklast etter programmet.
Lange hopp i prøveomgangen
Tom Hilde viste seg også fram i prøveomgangen. Han landa på 105 meter og hadde fjerde beste hoppet i omgangen.
Med det var han beste ikkje-austerrikar. For bak Schlierenzauer kom Martin Koch og Thomas Morgenstern.
Dette var berre prøveomgangen. No er kvalifiseringa i gang, og laurdag er det hopprenn. Kan Tom Hilde splitte - eller slå - det sterke laget frå Austerrike?
- Les:
Anders Jacobsen landa på 99,5 meter, Anders Bardal 94,5, og Johan Remen Evensen 93 meter.
Hilde er førehandskvalifisert, men de tre andre må kvalifisere seg i dag for å få delta i rennet i morgon.