Kneet til Aksel Lund Svindal er ømt og sårt. Men han er sikker på at kneet skal tåle to runder i slalåmtraséen fredag.
– Det er ikkje noko problem å gje skikkeleg gass når eg køyrer. Men det er ikkje godt etterpå. Eg merkar at eg ikkje har godt av dette, seier Aksel Lund Svindal til NRK.
Køyrde berre to runder
På treninga i Garmisch-Partenkirchen køyrde Aksel Lund Svindal berre to treningsrunder onsdag. Og Aksel tenkjer langsiktig når han avgjer kor sterkt han skal presse kneet.
– Eg har lyst til å gjere det bra i dei tre renna på Kvitfjell seinare i sesongen. Så eg må ikkje bli for overivrig her i Garmisch, seier han.
Brukte helikopter til toppen
Onsdag brukte Aksel Lund Svindal helikopter til og frå bakken. Dermed sparte han ikkje berre tid. Kneet fekk også meir kvile enn om han skulle kome køyrande.
– Det var for å bruke minst mogleg tid på treningsøkta. Det kosta oss også lite, og det var greitt å benytte seg av det.
– Det var vel litt kult å køyre helikopter også?
– Helikopter er alltid moro, skrattar Aksel Lund Svindal.
Skader endrar favorittskiktet
Eit par skader endrar vurderinga av kven som er favorittar til rennet fredag. Didier Cuche hadde eit stygt fall onsdag, og har fått eit brot i tommelen. Denne skaden skal imidlertid ikkje øydelegge noko for sveitsaren. Verre er det med austerrikaren Benjamin Raich.
– Det er sinnsjukt fort gjort. Cuche tryna skikkeleg på trening, men med han har det nok gått bra. Raich var eigentleg utsett for ein filleting. Men han fekk ein alvorleg korsbandskade.
– Cuche er med uansett. Raich er ute, men eg hadde han ikkje øvst på favorittlista. Dei to franskmennene Fanara og Richard kjem til å køyre veldig fort. Det såg vi ikkje minst på lagkonkurransen i dag. Norske Jansrud og Svindal kan også gjere det godt.